Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Hardkur for værlam

I eldre tider var det ikkje veterinærar i bygdene. Det var sjøllærde kallar og kjerringar som sto for doktereringa av sjuke husdyr. Mange av desse folka var sers dugande. Dei kjende til urtar og røter som dei laga medesin av og gjorde åt for sjukdomar både på folk og dyr.

Værlamma vart gjelda om våre før dei slapp på beite. Berre eit stort og fint lam fekk gå att med taska til sprangvær komande haust. Det var sjeldan dei hadde gammelværane over sommaren i små sauflokkar. Men på dei større gardane slang det ein og annen gammalrusken. Og han vart alltid sluppen med sauflokken på sommarbeitet.

Når gjeldinga sto for døra vart gjeldaren tinga. Han kom til gards og hadde med seg ein kvass kniv og ein skråtobakkrull i lomma. Han snerta taskeskinnet unna lammet og sleit dei små iskonna ut. Det var trua at lamma kura mindre når tistane vart slitne av langt inne i lammekroppen.

Når begge var slitne ut, sputta gjeldaren ei stor klyse brunt tobakksputt i det åpne såret.

– ”Det grø så my ber og sekrar,” sa ein gammal gjeldar.

I Soknedal var det ei kjerring som var så beisk til å gjelda. Ho skar av toppen med kniv, beit tistane av og sputta iskonn så det spratt bortetter.

(Det same blir sagt om samane når dei gjeldar reir) Finnan bit unda rena.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *