Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Harejakt

Ein mann ved Røros var på harejakt ein våren. Det var attmed ei gammal høyløe. Groren var fin der, men det var ingen hare å sjå. Mannen låg inne i løa.

Da tusk det av mjuke potar over fjorgammalt lauv langs løeveggen. Det kom like fram til dørgluggen og hoppa inn i løa. Mannen låg dørjande still. Haren hoppa rundt veggene og kom bort til mannen – nappa han i håret, men fann ikkje noko etande der.

Dermed hoppa han ut att og gav seg til å eta på groren. Men mannen skaut ikkje den haren.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *