Kilde
OR GOMMOL TI (I)
ÆVUNTUR Å SEGNE Å STUBBA TAO VOSSASTROND’NE
Knut Bjørnaas
Andre utgave
Voss 1943
Utgjeve av folkeminnenemndi på Voss

Haug-eld (I)

Da va han Dùrdai-Las so fortalde da. Da hende i hans ungdom. — D'è kje so faoe aor sian han døe, no, å dao va han ain gammadlù mann.

Dai hadde votte vare da stundo um kveldo saint, eldù um nètt'no, attù dar brann ain lògje yve ain haug nepao Hyrta-bøno. Dai trudde dar va ain gravhang, å attù dar va ain skatt negravinn dar. Dai fortalde da mè Hyrtamannæ — han so aotte dar —å han sa da mè dai, attù va so dai saoge da oftare, so skulde dai herre komma in å vekkj'an pao stikkande timinn, um da so va høgste natt. Å da lovde dai.

So va da ai natt han. Durdai-Las å ain te hadde sett ain ljoskje dar nere. Dai in å vekte Hyrta-man'n. Naor han fekk vita da, va'kje'an sainù, anna han flaug fram å la te nigjønom bøjane i herre udla å undebrok. Han gjekk baint pao logjinn; men før han kom radt inaot, vatt lògjinn burte. Han fekk dao sjao ka haug da va pao; da va pao ain hang dai kadla Helgjehaugjinn.

Sian fekk han folk me te grava étte skattæ. Da va endaone ain Daoe Krokjæ so va mè. — Ja, dai fonne han. Dai fonne kje so radt lite sylv, å so ai kròka tao gudl mesta pao skap so ai hònd, å nokko kjørold fonne dai og, å ait gammalt rusta svèr. Her è gammalt folk endao so hugsa attù dai grove dar. Dai ha sagt attu dai skulde vetta laoke, dai so vò me; men korlais da hadde seg mè da, è no kje so visst.

Kar da vatt tao da dai fonne, è kje nokkinn so vait no. Svère munde da vè ain rekafant so kjøpte fy ain svultaslikk.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *