Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om den gongen eg snakka med Guri Grøv

Haugafolk-småkrøter

Hjå gamle Guri Grøv (f. 24. oktober 1843)


Det er mykje rart millom himmel og jord som me ikkje sjå, tek ho Gud te att.

Han Ola Saarrbu vart ute for noko rart i Tubbebakka, trast ovan Kølabrune her ein hausten.

Best han stod der uppi Tubbebakka, der høyrde han det kom eit blekkspann trillande nedover bakken. Han såg det ikkje; men han høyrde so tydeleg at det rulla.

Vel det var stilt etter spannslætet, der høyrde han mest som det kom ei heil mengd med småkrøter like um han og nedover bakken. Det tøste og tøste, det trippa og rikta kring føtene hans.

Soleis høyrdest lætet ei god stund.

At det var haugafolk som buførde med småkrøteri sine, var han Ola viss på.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *