Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”

Klikk her for lese om Gjartrud Olsdotter Eltun

 

Gjartrud Olsdotter Eltun kunde
 
mykje gamalt

Haugafolk var det mykje av i Vang

Når gamlekarane var på stølen…


Når gamlekarane var på stølen um våren og veda, kunde dei liggje i sengeromet og spela på munnharpe. Då kom det jamt fullt selet med haugafolk som gav seg til danse, og det heldt dei på med til dags.

Ein gong var det ein vedhoggar som hadde med seg ein smågut. Denne hadde hug til å liggje under ein brimholk som låg kvelvd på selsgolvet. Med mannen spelte på harpa, vart selet fullt med haugafolk. No var det ei smågjnte mellom dei underjordiske. Ho hadde slik hug til å ha moro med denne guten og smette handi si under holken alt i eitt. Tilslutt vart guten leid, tok upp foldekniven sin og snerta gjenta i fingen so ho blødde. Då ho synte fram den blodute fingen til dei andre haugafolki, skreik dei alle som ein:

«No ha du merkt ho te de! No lyte du ha ho!»

Då guten vart vaksen, kom gjenta til han att. Vilde han då ta ho til kjerring, skulde han få so ubøtteleg til lykke. Kor stor kve han gjorde seg, skulde ho bli full tå krøter. Og alt skulde bli so agalaust grust. Men vilde han ikkje ha gjenta, skilde det bli berre skrap med han.

Guten tok gjenta, han, og levde i lykke og herlegdom alle dagar, etter det eg har høyrt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *