Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”

Klikk her for lese om Gjartrud Olsdotter Eltun

 

Gjartrud Olsdotter Eltun kunde
 
mykje gamalt

Haugafolk var det mykje av i Vang

Brudesylvet


Har du høyrt korleis dei i Øye (sokn) fekk tak i sylvet (brudesylvet)? – Jau, eg har høyrt det:

På Hermundstad var det ein gong ein mann som fekk sjå eit stort underjordisk brudefylgje på Hermundstadmyr'n. Brudi var kledd i den venaste brudebunad med brudesylv, belte og alt som til høyrde. Mannen var eldande snøgg til kaste stål over brudi. Alt i hop kvarv burt. Berre brudi stod att i all stasen sin. Då tok mannen til ha tå henne alt i hop. Brudi skreik og jamra seg, men mannen dreiv på. Til slutt bad ho um å få ha att skjorta, men ho ogso tok han. Haugabrudi vart ståande att splint naken. Då vart ho rasande og skreik:

«Dette ska råme dikka: Bytinga skal de bi hjå dikka te trea o fjorde le!»

Han Torstein sygare på Hermundstad var den siste bytingen (fødd 1823). Eg hugsar vel etter han, eg, måta. Endå til som gamal mann sat han og stelte med nokre beinkyr. Det er nok gamle Johans Kasa som har sagt meg denne søga.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *