Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”

Klikk her for lese om Gjartrud Olsdotter Eltun

 

Gjartrud Olsdotter Eltun kunde
 
mykje gamalt

Haugafolk var det mykje av i Vang

Budeia på Øyestøle på Skakadale


Ho Gjartrud Jøvne sat budeie på Øyestøle på Skakadale. Øyestølen ligg blett åleine, langt frå hine stølane. Ho Gjartrud var mått eisemal på stølen. Det leid ut på hausten, og då kan det vera stumande myrkt um kveldane, veit du. Ein slik kveld stod ho Gjartrud ute. Då høyrde ho brått det song ein
slik fin salme like ved. Og ho hugste so vel ordi. Det var:

«Hvor stor er dog den Nåde at man for Jesus må — —»

«Vart du 'kji redde, då du høyrde dette?» sa eg til henne då ho tala um det.
«Nei, e va 'kji de slag redde. De va so fint. Då e kom inn atte i sele, trilla tåridn,» svara ho.

Ho hadde døytt der på stølen straks før, kjerringi på garden.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *