Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”

Klikk her for lese om Gjartrud Olsdotter Eltun

 

Gjartrud Olsdotter Eltun kunde
 
mykje gamalt

Haugafolk var det mykje av i Vang

Han gamle Johans Kasa


Han gamle Johans Kasa hadde vore mykje på reinsjakt, og mange var dei reinsskyttarar som han hadde tala med i sine dagar. Han tala um at det av og til kom haugagjentor til skyttarane med dei låg i reinsbuene. Dei sa:

«Du skal gå dit,» dei nemde staden. «Der ska du råke på ein reinshop. Men du ska 'kji sikte ette støste bukke, for han e minst. Skyt ette dei minste, du, for han e støst!»

Far hans Johans Kasa heitte Helge Eirikson Kasa (f. 1781). Han var med i krigen i 1808 og 1814. Då gutane her i Øye skulde ut, høyrde dei Dyste-trumma dundra etter fjelli. Haugafolkkarane rykte ogso ut. Det var visst meir underjordiska som var med i krigen enn andre. Det var vel difor dei norske slo so godt i frå seg ogso.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *