Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”

Klikk her for lese om Gjartrud Olsdotter Eltun

 

Gjartrud Olsdotter Eltun kunde
 
mykje gamalt

Haugafolk var det mykje av i Vang

Han Ola leigde


I gamal tid levde det ein dei kalla gamle Ola leigde. Ein jole-eftan var han ned i garden på Stele. Då vart det med ein gong fullt huset med piperøyk. Det var skumt inne, og gamle Ola leigde hadde alt lagt seg. Kvinnfolki på garden kunde ikkje skjøne kvar røyken kom frå. Dei saumfór huset endelengst og såg etter um det nokon stad var farleg for varmen. Men ikkje noko mistenkjeleg såg dei.

Men han gamle Ola leigde såg meir enn hine, der han låg i slagbenken sin. Inne var det so mykje folk, alt slikt som sviv mellom himmel og jord. Det var difor ikkje noko rart at han ikkje kunde vera uppe lenger. Mellom alle dei andre såg han to karar som sat på ein krakk og nirøykte. Det var difor huset vart so fullt med røyk. Med kvinnfolki på garden fór rundt og leitte etter varmen, sat dei to og røykte, såg på einannan, lo og moroa seg.

Men han Ola torde ikkje seia eit steins ord um dette for um morgonen. Det var farleg å tala um slikt før ein hadde sove på det. Dei som slo kross for seg og sa: «I Jesu namn!» slapp noko slikt. Då gjorde dei usynlege ånder «le o gate», dei vikte til sides, der den vigsla gjekk fram.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *