Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”

Klikk her for lese om Gjartrud Olsdotter Eltun

 

Gjartrud Olsdotter Eltun kunde
 
mykje gamalt

Haugafolk var det mykje av i Vang

Ho Guri, kjerringi hans Torstein bror…


Ho Guri, kjerringi hans Torstein bror, såg ein gong ei haugagjente på Lutastøle, heimstølen til Bergji. Ein vårkveld før dei hadde flytt på stølen vanta geitene hennar. So drog ho nord-etter Skakadalen og skulde sjå etter dei. Då ho kom til ein stor stein på Lutastølslettun, vart ho var eit kvinnfolk ved eine novi på Bergjis-sele. Ho hadde fint, brunt hår i to lange flettor. So hadde ho blå stakk. Korleis ho elles såg ut, gat ho ikkje. Ho Guri hadde tenkt ropt til henne og spurt etter geitene, men i det same vart ho burte. Det skreka ikkje at dette var ei haugagjente.

Det er fordi folk har mist trui på dei underjordiske at ingen ser noko no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *