Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”

Klikk her for lese om Gjartrud Olsdotter Eltun

 

Gjartrud Olsdotter Eltun kunde
 
mykje gamalt

Haugafolk var det mykje av i Vang

Jonskørselo


Ein gong korn det eit framandkvinnfolk inn i eit tå Jonskørselo og sa:

”E veit 'kji anti e ska tia enn tala. Men då e kom uppå Ruggesteinmyr'n, høyrde e de vart sagt: Han Mikjell e dø!”

Med det same stod det eit arma framandkvinnfolk i selet.

«Nei, du seie vel 'kji de lell?» sa ho.

So spurde ho Kasa-kjerringi som var budeie, um ho vilde stelle åt henne med ho var til likferds.

Dermed sa ho det, Kasakjerringi:

”Ikkji veit e kost krøtere dine ser ut, o ikkji veit er kor kjø¬relde dine står, o heldan ikkji veit e kor sele ditt e”
«Jau,» sa haugakjerringi — for ei slik ei var det —, «sele mitt e inne her, o ankort kjerald e mitt, o kjydn mine kjeme på trøe ner e fere.»

Dermed vart ho burte.

Alt hende som sagt var.

Då haugakjerringi hadde vore burte ei to-tri dagar, vart krøteri hennar burte att, men det gjekk att to geiter som Kasa¬kierringi skulde ha for stellen. Dei fekk ho slik lykke til.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *