Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”

Klikk her for lese om Gjartrud Olsdotter Eltun

 

Gjartrud Olsdotter Eltun kunde
 
mykje gamalt

Haugafolk var det mykje av i Vang

På Bergsstøle på Skakadale


Trui på haugafolk var sterk hjå dei gamle. No skal du høyre:

Ho Guri syster var smågjente og var på Bergsstøle på Skakadale saman med mor si. No veit du mange ungar er so glade i dyr. Og ho Guri hadde ei søye ho kalla si. Denne gjekk ho og tulla med burt i haugane um dagane. Ein dag vart ho beden inn i granneselet til ei budeie og skulde få rjome. Men so hadde ho ein liten unge, og ho Guri skulde vera bådnfost med kjerringji fann rjomen. Jau, ho var godbedd, tok ungen på fanget, og kjerringi slatt ut i bui. Då gjekk døri upp, og inn kom ein fin, blåkledd mann. Han hadde nok kvit skjorte, for han var so kvit i bringa. Ho skvatt so gjenta med det same, at ho slepte ned ungen og sette i eit skrik. I det same vart mannen burte. Det var det som var so rart, at ho ikkje såg han gjekk ut att.

Då kjerringi kom innatt or bui, tala gjenta um kva som hadde hendt. Kjerringi vart so ille ved. Ho tok gjenta med seg burt på næraste haugen og sa ut i veret:

«Ha ho Guri førnærma dikka, få de tegjeva 'n.»

Sidan hende det ikkje noko meir.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *