Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”

Klikk her for lese om Gjartrud Olsdotter Eltun

 

Gjartrud Olsdotter Eltun kunde
 
mykje gamalt

Haugafolk var det mykje av i Vang

På stølen i Jonskør


Sumaren 1814 sat ho Berit, kjerringi hans Hølgji, på stølen i Jonskør (Berit Johannesdotter Svigji var gjentenamnet hennar, f. 1794). Då det leid ut på sumaren, kom det to karar inri i selet til henne. Det var to tå dei underjordiske syllaterane. Dei hadde sagt at dei hadde sett han Hølgji i krigen. Ein gong hadde ein tå karane frelst livet hans. Ein svenske hadde lege uppe i eit hekteglas og sikta på han. Men dette hadde hauga¬karen sett, og med det same skotet gjekk, nappa han føtene undå han Hølgji, so han vart berga.

«Um fjort'n dage e 'n her atte,» sa dei.

Ho Berit gav karane mjølk-drikke, og so hadde dei fare vidare.

Det hende som sagt var.

Han Hølgji tala mykje um korleis han hadde hatt det i krigen. Ein gong vart føtene nuppa undå han, men at det var gjort tå ein haugakar, skjønte han ikkje då.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *