Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”

Klikk her for lese om Gjartrud Olsdotter Eltun

 

Gjartrud Olsdotter Eltun kunde
 
mykje gamalt

Haugafolk var det mykje av i Vang

Utsett for ein haugakar


På ein gard var det ei gjente som var so utsett for ein haugakar. Han kom til henne — mest um nettene — og vilde inn på henne. Ho vilde ikkje vita tå han. Tilslutt visste ho ikkje si arme råd. Men det var ei tenkt gjente, dette, skal du høyre. Ein kveld kom haugakaren att rekande. Då sa ho:

«Han far har ei kvige so dei underjordiske vil fara me. Veit du noko rå for de?»

Då svara haugakaren:

«Burt i Helestrøndbøkko finne du tybast o vidvank. Tybast'n ska du binde på fot'n åt kyr'n. Vivank'n ska du røykji ikring ho me. Gjere du so, sko dei nøkk ikkji ha makt me 'n meir!»

Gjenta tok rådi åt seg sjølv.

Ein kveld haugakaren kom att sa han:

«No ha du hrukt råe e ga de. Men hadde e visst at du hadde nytta ho sjøl, so ha e visst ikkji tala um de te de.»

Å ja, det var vel som ventande var, det! Men frå den dagen vart no gjenta kvitt karen, ho!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *