Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”

Klikk her for lese om Gjartrud Olsdotter Eltun

 

Gjartrud Olsdotter Eltun kunde
 
mykje gamalt

Haugafolk var det mykje av i Vang

Vårstølen på Dømmo


Øye hadde i gamal tid vårstølen sin på Dømmo, nedi Grønhaugo; mest uppi veun. Dette tala ho mor um etter mor sine. Ho mor heitte endå Berit, og mor henne att var Ingebjørg, som var gift med Nils Øye (f. 1796). Ho Ingebjørg var ofte budeie på Dømmo. Ein dag ho var der, kom det på ho slik tyngd. So la ho seg burt i sengi si til sova. Då visste ho ikkje av noko før selsdøri gjekk upp, og inn i selet kom ein prest. Han gjekk burt åt sengi, halla seg over henne Ingebjørg og sa det:

«Er Kristus død eller ikke? Det vet ikke jeg!»

Dette var alt han sa, og so vart han burte att.

Ho mor tala fleire gonger um dette, so det lyt vera heilt sant. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *