Internt referansenummer: 26.05.09 – A
Kilde:
GAMALT FRAA NUMEDAL V.
Av:
TOV FLATIN
Les om Tov Flatin på www.wikipedia.no
Les om Tov Flatin på Store Norske Leksikon
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1923
PRENTA HJAA NIKOLAI OLSEN
Klikk her for å lese førerodet

Haugetye paa Bjørstulen under Borge

Haugtuss og huldr

(Fraa Nore)

Paa Bjørstulen under Borge var det so fullt med haugety. Tett utanum sætergarden ligg det ein trillande rund haug. Der heldt dei til. Med far tende paa Øvre Børge, vart det innsviki ei kyr i den haugen. Dei høyrda ho rauta og svara dei inni haugen, naar dei lokka paa ho. Trea dagen kom ho att; men daa var ho som ho skulde vori toggi heile kyri og var heiltupp øydlagd, so ho var ikkje meir til.

*     *     *

Ein haust, Børgemannen laag uppaa Bjørstulen, det var etter dei hadde flutt heim med krøteri, so fekk han sjaa ein stor, ven buskap koma rekkjande inn paa vollen, og ei gjente sette seg til aa mjølke. Mannen lura seg upp og ut og fekk kasta kniven sin over tvo av dei gildaste kyrne. Daa kvarv det alt saman, berre dei tvo kyrne, som han hadde kasta staal over, stod att. Dei leidde han med seg heim, og slike kyr til mjølke hev det aldri vori her i bygdi.

Same krøsterslage skal vera paa Børge enno, segja dei.

*     *     *

Men haugetye vart so fæle der paa Bjørstulen. Med same dei hadde bandi krøteri inn paa fjøse um kvelden, so vart dei løyst og jaga utatt, og um dei bett dei inn igjen, so var dei ute att med det same.

So maatte dei slutte aa sætre der; det var kje raad.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *