Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Haugteken i Hemsedal

Ei gjente frå Hustad i Hemsedal hadde eit lausingbarn — ein liten gut. Ein haustdag gjekk ho og rispla lauv uppe i Hustadhagen og småguten rusla for seg sjøl der i nærleiken. Men rett som det var vart guten stums burte, ho såg ikkje meir til han alt ho ropa og leita, til slutt tok gråten henne og ho la til sprangs og fekk med folk i grendi til å leite, men guten var og vart burte. Og dei visste seg ingi annan råd enn å låne kyrkjeklokkone, som dei ringde med der uppe i åsen. Etter dei hadde ringt med kyrkjeklokkone og leita i tvo netar og tvo dagar fann dei guten. Han fortalde då at han hadde vore hjå snille folk, som hadde gjeve honom suppemat og søt mjølk — so mykje han vilde hava. Han hadde set brandute kyr og store, gule kornåkrar — meir visste han ikkje å fortelja, for han var so liten. Men so mykje skyna no alle at det var ingen annan stad enn hjå haugafolki han hadde vore. Då ljomen av kyrkjeklokkåne slo so sterkt like inn på husveggine deira måtte dei sleppe barnet ut att.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.