Internt referansenummer: 28.11.10 – A
Kilde:
MUSIKK-KORPSENE I NORGE
Under redaksjon av Einar M. Wie og Petro Erichsen
(Formann og forretningsfører i Norges Landsforbund av Gutte- og Amatørmusikk-korps)
SCALA FORLAG – OSLO 1956
Klikk her for å lese ”Forordet” i boka og for å se bilder av redaktørene.
Klikk her for å komme til Norges Musikkorps Forbund (NMF) sin nettside.

Haukås Musikklag, Haukås-Bergen

Hauks_Musikklag-Hauks-Bergen
Fotograf ukjent.
Første rekke fra venstre: Jens Tuft, Rasmus Almds, .Andreas Haugen, Erling Breistein, dirigent, Magne Falkanger, Per Hansen.
Annen rekke fra venstre: Audun Haugen, Magnus Presttun, Johan Breistein, Dagfinn Tuft, Torbjørn Breistein, Trygve Presttun, Karl Alnzds, Johannes, Breistein, Oddvar Brurås.

Haukås Musikklag, Haukås pr. Bergen vart skipa 8. mars 1919. Jonas Falkanger gjorde opp-taket. Han fekk med seg nokre mann, og omkring nyttår 1919 kom laget i gang. Første referatet har ein frå 8. mars, då lover vart vedtekne og det vart halde val av styre. Som formann og den drivande kraft i laget sto Jonas Falkanger.

I 1922 bygde laget hus og fekk då fast stad til øvingane, som tidlegare hadde vore i skulehuset eller heime hjå musikkarane.

I førstninga var det vanskeleg med instruktørar, men Ole Reigstad og Nils Eide frå Valestrand Musikklag hjelpte laget godt i veg på dette omkvervet. I 1936 fekk ein S. J. Walle frå Divisjonsmusikken på dirigentplassen. Han var instruktør til 1944, då han døydde. Olav Tellevik overtok plassen hausten 1944 og hadde laget til 1950. Sidan har Erling Breistein vore laget sin faste dirigent.

Laget har arbeidd tungt fram gjennom åra. Serleg tida 1927-37 var vanskeleg, då der var stor skuld på huset. Då krigen kom, tok tyskarane huset, og det var ille medfare då ein fekk det att. Laget har ordna 14 — Musikkorpsene. og ominnreida huset etter krigen, slik at ein no har høveleg lokale både til øvingar og tilstellingar.

Når ein ser på laget si soge frametter, fell det snart i auga at i dei åra laget strevde mest økonomisk, sto det ringaste til med musikken og medlemstalet. Ikkje alltid har laget hatt godt av den byrda det måtte bera med skuld på huset både då det vart oppbygd og sidan sett i stand i 1950. Om kreftene ofte måtte delast med likeså stor part på økonomien som på musikken, har laget streva seg frametter, og nådde høgda då det skipa til stemna i Indre Nhl. Krins i 1953. Sidan har det vore vandt å halda laget på like høgt nivå, då militæret har gjort storinnhogg i rekkjene.

Det faste midtpunktet i Haukås Musikklag har like frå dei første åra vore Andreas Haugen. Ikkje berre som framifrå kornettblåsar har han hjelpt laget. Han har lagt mykje arbeid ned på huset og laget sine verdiar, serleg ikring 1930 og ved ordninga av huset i 1950.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *