Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Håvard Haugen

Håvard Haugen i Gol sat ei natt i kvernhuset ovanfor Haga. Ut på natti kom det ein tuftekall i rau toppluve inn til han. «Du mæl, du», sa han til Håvard. «Ja, eg gjer so», svara Håvard. Tuftekallen tok ei klype mjøl, tømde i hi handi si, såg på det og sa: «Du fær fint mjøl, du». «Å ja». Dermed vart tuftekallen røykjeleg burte gjenom eit hol i golvet.

Sumaren etter fér Håvard Haugen med ei kløv til støls. På vegen møtte han ei haugakjæring med ein tult på ryggen. Hesten vart redd denne kjæringi og sette til ut or vegen og burt i tjukke skogen, so han reiv kløvi mest av seg. Håvard vart sinna på hesten for dette, fór etter, og banka på hesten då han nådde i han. «Du skal misse hesten din, når du misshandlar han slik», ropte kjæringi.

Håvard heldt fram burt-etter stølsvegen utan å ense kjæringi. — Eit stykkje lenger inne på åsen møtte han tuftekallen, som hadde vore på gjesting hjå han i kvernhuset. — Han kom sprettandes fram frå ei granbuske. «Møtte du ho mor?» spurde han. «Ja, ha», svara Håvard. «Sa ho, du skulde misse hesten din?» «Ja, ha». — «No skal eg segja deg kva du skal gjera so du ikkje misser ‘n. — Når ‘n blir sjuk skal du setja tvo stemmenålir (stoppenålir) millom augo på ‘n».

På ei ferd nede i Flå vart hesten hans Håvard sjuk. Han velta seg på ryggen og fraui valt or kjeften på ‘n.

Men Håvard gjekk inn på Vik og lånte tvo stemmenålir, som han sette millom augo på hesten, og då reis ‘n trast upp og skok og riste seg. Og so var han like frisk tidig som han hade vore.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *