Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

HAVFRUA

Havfrua ser ein helst i godversdagar på havet når sola skin varmt, eller óg kan ein sjå henne i skuminga på stille sumar- og haustkveldar. Ovantil ser ho ut som ei fager møy. Ho hev blå augo og blenkjande gullokka hår, og er alltid naka over bryst og rygg. — Mang ein sjøfarar hev vorte dåra av henne, men då dei skulle til sjå, hadde ho fiskespor.

M. B. 1912.

Havfrua ved Svinøy

Fem mann frå Skjåstad på Stad, låg til fiskje hjå Kleofas G. Kvalsvik fleire år på rad i 1880 åra.

Det var tre brør, Johan, Magnus og Øystein Skjåstad, og so Matias og Pål Skjåstad. Den sistnemnde var høvedsmann på seksringen.

Ein gong vart Matias sendt til Gloppen i Nordfjord etter ein færingsbåt, som han åleine rodde rundt Stadt og heim. Nett komen til lands, måtte han ta årane fatt og ro etter jordmor heilt til Vanylven i Søre Sunnmøre. Ja, han henta jordmora; men då var nett båtlaget hans ferdig å fare på fiskje til «Gammelen», ein banke som ligg umlag 6 mil vest av Stad. Men fyrst skulde dei hente agnsild på Leine i Herøy. Stilt og fint ver var det, so karane måtte ro kvar ei mil. Dei fekk agn, og so var det å ro sørover att. Komne ut um Svinøya (der fyrtårnet no stend) kvilde dei litt og tok fram nisteskrina.

Rett som det var, såg dei eit underleg syn: Ei ovfager naka gjente tumla og symde i småbårene framfor båten og rundt den. Matias såg henne fyrst, og so dei andre óg. Håret glitra som gull og var utslege og fløymde nedover herdane. Stundom stod ho beint upp og ned i sjøen, og dei såg skileg korleis bylgjene leika kring brysta hennar. Ho vinka til dei. — Då vart dei reint forfjamsa.

«Det er havfrua!» ropte Pål, styrmannen.
«Lat oss kaste ein vott til henne, so spår ho veret åt oss,» sa han, og so hivde han bladvotten etter henne.

Men med det same stupte ho kråke i sjøen, og det siste dei såg av henne var sporen som blenkte som sylv.
Dei sat ei stund og grunda på kva dette skulde tyde. — Ulukke eller heppe. —

«Ho såg no so hjarteleg blid ut, gutar, eg trur me held fram!» sa Pål.

Dei so gjorde og fekk full last med fisk, og kom vele heim.

Men då hadde Matias sete ved årane i samfulle åtte dagar utan blund på augo.

Ved Kleofas G. Kvalsvik, Herøy.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *