Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

HAVHESTEN

Havhesten held til lengst ute på det store havet. Ein kan stundom sjå honom i solfallsvinden, eller aller helst med same sola sprett um morgonen, liggje i vasstrømen og velte seg rett som ein annan hest der på landjorda. Imillom reiser han hovodet høpgt upp og rister den digre fallemana si, og då kneggjar han som den villaste grahest.

M. B. 1912.

Gjære-Bern

Han Gjære-Bern, ein av dei likaste notbasene på Sunnmøre, låg ein sumardag for mange år sidan ute på Bodane med sekkjenot. Havet var stilt, og småseien vod og spratt i morgonsola, so det berre blenkte og glitra vidt utover sjøen, medan måsane krinsa i lufta speglande seg i hav-flata, der dei rett som det var nappa seg ei småsild. — Men so var det liksom det vart burte alt saman med ein gong, både fugl og fisk. Gjære-Bern med felagar undrast over dette og såg seg um. Jau, då fekk dei sjå kva som tids var; — for pålag eit skotmål frå båtane hevja havhesten seg upp og glodde på dei, viste mankjen, kneggja, gjorde eit kast og vart burte i kavet. Men det vart ikkje meir fisking den dagen: for det hadde vel teke fæle alt som smått var for eit slikt skræmeleg troll.

M. B. 1912.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *