Internt referansenummer: 12.07.2011 – BOK
Kilde:
Frå eit langt liv – Folkeminne, segn og soge
Per Aarviknes
HELSINGSKRIFT
Utg. Av Volda Bygdeboknemnd
1975
Aarflots Prenteverk – ”Møre” 6101 Volda
Klikk her for å lese ”Føreordet”.
Klikk her for å lese ”Helsing frå ordførar S. H. Halkjelsvik”


Heidar Straume og Kollur Kile

Ein gong i tida, då kristendomen kom hit, hadde Heidar Straume sett seg opp ein kross på Straumshaugen der han hadde sitt bønehald. Han hadde ein ven i Kile som heitte Kollur. Heidar Straume bygde seg eit kloster på Straume og då gav han venen sin, Kollur, krossen som han sette opp der frampå Kile der han sidan har stade. Ein kan sjå grava til Kollur fram på Øvre Kile, ho ligg slik at når han står opp att på domens dag, skal det fyrste han ser vere krossen. Grava til Kollur var for nokre år sidan oppgraven, og dei fann der eit sverd og nokre gamle ting. Over grava låg ei stor steinhelle. Den vart seinare køyrt heim til Kile. Heidar Straume hadde og sæter i Fylsvika. Støylen var der oppe som no heiter Heidastøylen. Straume åtte den tida over Straumen og bort over Fylsvika. To brør på Straume, Håvard og Svein Ellingssøner, gav syster si Ingebjørg gard i Fylsvika 1484. Brevet om det er bortkome, men det skulle vere i Fylsvika for ein mannsalder sidan.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *