Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Heim og arbeid

Byggja til meins for underjordsfolket

Ola Tønnesson (f. ca. 1816) budde på haugen i Lindlia eit bil. Frå fyrsten hadde han tenkt å setja huset attmed vegen, men sidan kom han på å setja det på haugen, og der kom han til meins for underjordsfolki, såg det ut til. I vissa fekk han noko uhell på kreturet, og han kom til å tala um det med ei fantekjerring som får framum.
– ”E e rædd du sidd’ i vegjen for nòne, sa fantekjerringi.

So flutte han huset ned til vegen.
– ”Siden hadd’ e aller no’ uhell me kreture, sa Ola.
(Johan Knibe f. 1845)

*     *     *

Det var på Birkenes ein mann hadde sett uthusi til meins for underjordsfolket, og underjordsmannen sa det til han. Mi kann kje verken gå hell ligge kjørt, sa han; og han bad mannen vilde flytja uthusi. Men mannen var lite huga på å gjera han til viljes. – ”Ja, vil du kje de,” sa underjordsmannen, så ska du kje få løkke a i einaste kyr!

Mannen fekk so mange ulukkor på kreturet at han laut flytja uthusi.
(Gunder O. Vestrus f. 1841)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *