Kilde
Storflåmen 1938
og andre minner frå
Vågå, Bræbygden og Heidal
Jørgen Espelund

Klikk her for å lese firiordet i boka

Dølaringen Boklag 1988
ISBN 82-90072-34-1
Historien gjengitt etter spesialavtale med
Jørgen Espelund.

 

Heim til gravferd

Friskt i minnet frå den sommaren i 1932 er at det va mykjy varmt og
godt vær. Det eg likevel hugsar best, er at det kom brev frå heime um
at han bestefar va dø. Like fast er minneglimtet frå den dagen oss får
heimafrå någre månader før. Da stod han med staven sin på troppe-hella
ved vetlstugu, der ho bestemor og han budde. Han bad oss så inderleg
leva så vel.

«Døkk må snart koma att da,» va det siste han sa.

Slik tenkjer ein ikkje så lengje på som liten, men dette vart da siste gong eg såg han i livé

Det var i juni månad han dø, og ei ny storhending vart da oss skulle
reise heim til gravølet. Det va heime på gardå, som skikken va den
gongen. I det fine været på gravølsdagen sat folk på marken millom
husom. Kista vart sett ut i tunet meda døm song ut. Han Per farbror
song fyry, som han gjorde så mang ein gong. Det lydde så vakkert i den
fine sommardagen. Ei fin høgtidsstond i heimen, som gravferder støtt va
før.

Kista vart sett på sledan, og han far spente for Brona, som hesten vår
heitte. Anna redskap enn sleda fanst ikkje som va brukbart te å kjøre
ei likkiste på etter ein skranglåte veig. Det va nok nyleg arbeidt veig
ned gjennom Slettmorkjå da, men likevel kjørde han far gammelveigen,
som va styggbratt, men snarare. Eg tykjyst enda sjå kåless sledan med
kista skåkå da han vigde hesten inn på gamelveigen, eit stykkjy nedafor
jordet heime.

Nede ved Horgje va han Fredrik Moen møtt fram, og kista vart Iyfta uppå
lastebilen. Med eit par biler til kjørde så følgjet uppover dalen åt
kjørkjun. Dette er einaste minnesglimtet eg har um gamelkjørkja, som
brann ned året etter. Eg såg uppover mot tårnet, som eg tykte va så
svimlande høgt, da lukunå opna seg og klukka klang så vakkert.

Ho mor, som ha vore på sjukehuset nær eit halvt år, kom ikkje heim att
til gravølet. Det va visst eit mistak, for eit par dågå ettepå kom ho,
og va bra frisk att. Dermed vart det slik at han Magne ikkje kom te å
bli på Lalm lenger. Ho Mari fasyst og eg venta te ho mor kom, og så
vart det ei tung avskjed med guten, som ho hadde vorte glad i som sin
eigen. Han var i ein alder da ein gløymer fort, og kjendest ikkje ved
mor si. Ho Mari gret, og guten gret og vilde attende åt henne da mor
tok han innåt seg.
Det retta seg nok fort, og i min lodd fall det så å bli med åt Lalm att
på ubestemt tid. Så lenge Mari og Anton ikkje ha bån sjølve, vilde døm
gjerne ha meg lenger. Eg ha alt grodd så til at eg hadde ikkje det
minste imot å bli med att åt Lalm.

Sia eg kom der, va ein ny famili fløtt inn på nørdre Snerle. Dermed
vart det enda ein gut å leike med. Det var han Torstein Garmo, som var
lite grann yngre, og han ha au ei litor sylter, ho Hallgjerd.

Så vart det liv og røre, og han Oddvar og eg fekk det travlare enn før.
Eg va ofte litt halvredd når oss fór omkring husé. på Snerle, og forska
høgt og lagt. Særleg i skymingen um kvelden va det liksom ein kald
tokke rundt øyde hus, og eg va ikkje fri for å vera myrkredd.

Reint øyde va det nå ikkje der heller. Nugun ha leigd jordé der og
hadde ei stor slo med ukser ståande på fjoset. Desse passa far hass
Oddvar, og så fekk oss lov å vera med når han var der og féra og
stel-te um dågåne.

Aslaug f. Øvstedal og Tjøstolv Garmo kjøpte garden den våren. Så ein
dag kom han Oddvar og lurde på um eg vilde vera med, så skulle oss
prøve å treffe han vetl-Torstein, som han sa. Jau, oss va heldige, og
trefte han ute. Oss kom oss ikkje te å gå inn åt di nye folkom slik med
ein gong, men dermed va au kjennskapet knytt. Han Torstein og eg delte
godt og vondt i leik og alvor di tri og eit halvt år eg vart på Lalm
deretter.

Mest stas vart det da Mari og Anton snart fekk ei jente, og ho og eg
vart som syskjen i hop. Eg fekk vera bånvakt meda Mari va i fjosé, og
Anton arbeidde ute.

Som før er nemnt, va den fyrste sommaren min på Lalm varm, og någå for turt va det nok au. Ho Mari sa iblant så:

«Nei, det er så varmt og klamt nere her at neste sommar reise oss upp på sætré.»

Ho va van med fjellet ette å ha vore i Mugsætrom som ongjé, og 12 somre i Griningsdalen som budeie på ein tå Kvarbergsgardom.

Så hadde eg ei ny glede, og ikkje minst spenning, i vente te fleste år.

Kjellykkja ha sæter på Holongssætrom, men den ha ikkje Mari og Anton
vore på med dyr enda, sia døm kjøpte bruket for to-tri år sia da eg kom
åt døm.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *