Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Heimearbeid

Båtbyggjarar på Kleppland

Der var fire båtbyggjarar på Kleppland, det var Ola Jens-son (ca. 1745-1830), Tølli Nilsson (f. ca. 1743), Erik Besseson (frå Tysnes, ca. 1791-1839) og Erik Tønnesson.14)

Dei køyrde båtane til Bådskjol-høllen, og tok dei på elva ned til Daneva, tok dei so yver land til Sebbetåa, og vatsvegen der ifrå til Høllen.

Ola Jensson hadde ein gong bygt ein båt um vinteren, og flett bork um sumaren. Han ladde båten med bork, og fór til byen og selde båten og ladningi for ti speciedalar. Han hadde vore fleire dagar på byferdi, men det var so god ein handel at det gjekk gjetord av det heile sokni ikring.

Timbermannsdagløni i den tidi var 20 skilling på eigen kost.
(Ånon Larson Kleppland f. 1844)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *