Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Heimearbeid

Lagging

Lars Ånonson Kleppland (f. 1814) dreiv mykje med lagging og hjulmakararbeid. Han hadde hoggestabbe i kjøkenet, og heldt det jamnast til klokka 10 um kvelden.

Han arbeidde mykje mjølkebyttor av selje eller oretre med lok, og selde dei til Randesundsfolk. Dei kalla dei «flødebøtte», og dei tok tvo og tri pottor. Det siste tok han ei mark seks skilling for stykket.

Han kunde gå til byen tidleg um morgonen med laggarbyrd på ryggen, so kunde han vera heime att klokka tri-fire um etter-middagen. Når han so hadde ete og kvilt litegrand, gjekk han ei halv mil til skogs etter stavbyrd etterpå. Han telgde kvar einaste staven med øksi.
(Ånon Larson Kleppland f. 1844)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *