Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Heimearbeid

Nevenyttuge Repstad-folk

Knud i Hauen (f. 1818) var slik ei «illflette» til å arbeida. Han var berre ein fatig mann då han tok ved garden, men han sleit og stræva med skoghogst og innearbeid, so han tok seg upp og vart ein god mann.

Han kjøpte skogstykke og dreiv ut, helst noko som låg so avbeklegt at ingen annan vilde driva det.

Han kunde fletta eit skippund bork til dagen. Men han for so stygt i skogen. Dei sa der var ein mann som hadde selt eit skogstykke til Knud i Hauen, han gret då han såg kor ille Knud hadde fare med det som stod att.

Han bar ved fram på eit skot og kasta han utfyre, det var berre å snu ryggen til og sleppa toget. I slike høve vil ein gjerne snu seg og sjå kor langt skiene kjem. Men Knud hadde ikkje stunder til det. Når skiene slo imot fjellet nedanfor, hadde Knud alt sprunge nokre stig etter ny byrd.

Knud dreiv mykje med heimearbeid, det gjorde alle Repstadfolk. Vintermorgonen lenge fyrr det var ljost, sat han med teksla og skjersaksa og tollekniven. Når det tok til å ljosna, gjekk han til skogs og emna til ei byrd med ausekjeremne eller noko slikt. Når han kom heim, gjorde han dei ferdige. Når han so hadde noko mykje frå seg gjort, leigde han ein hest og fór til byen med eit lass av ferdige trevaror.

Det var ikkje høge prisar.

Pramausekjeri kosta                              10 øre stykket
Båtausekjer (med einerhandtak)         25 øre stykket
Sopelimar                                                    3 øre stykket
Snøskuffor                                                 40 øre stykket
Treskeider                                          7 – 10 øre stykket        
Sleiver                                                        25 øre stykket
Økseskaft                                                  25 øre stykket
For handspikaremne toppris                   4 kr. tylvti

Han betalte tvo kronor for hesten til byen.

Dottersonen var med på byferdi ein gong, og han let um at det var store pengar bestefaren hadde teke inn den dagen for varone sine.

– ”Å gùss péller vé! Sa Knud. D’e å sobe inn penge!

*     *     *

Hans Knudson Repstad (fødd på Kleivset, 1782-1855) var far til Knud i Hauen. Hans var slik ein glug treskjerar. Han skar ei tylvt treskeider til kvelden, etter han kom inn av utearbejdet. So kunde han fara til byen med heile lasti av skeider og sleiver og ausekjer og slikt noko. Han tok ein styver stykket for skeidene; det var tvo skilling, men han heldt seg til den gamle rekningi. Det var nokre som vilde hava moro med han
ein gong, og so baud dej han tvo skilling for skeidene.
– ”Nej, sa Hans. E må ha en styver støkke, de e di ærli vør.”

Han skar helst skeidene av oretre, avdi kniven gjekk so lett i det. So spurde dei han sumtid i byen, kva slag tre det var skeidene, med di dei var so væne og ruade på lit.  

– ”D’e åbeltre, svara han. – D’e de beste skeimatrial som finst.”

Han gjorde upp rekneskapen sin ein gong i byen, han hadde selt varone sine. So sat han med pengane i ein hang på bordet framfyre seg.
– ”Tretten ò tri,” sa han, d’e i mark ò ni; sju å ni e elve, ò to skjelling te tobak e toll.”
So sopa han pengane ihop. Han hadde synt at han var rekneskapskunnug.
(Ånen Jonson og Tønnes Svenson Lunde)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *