Internt referansenummer: 28.11.10 – A
Kilde:
MUSIKK-KORPSENE I NORGE
Under redaksjon av Einar M. Wie og Petro Erichsen
(Formann og forretningsfører i Norges Landsforbund av Gutte- og Amatørmusikk-korps)
SCALA FORLAG – OSLO 1956
Klikk her for å lese ”Forordet” i boka og for å se bilder av redaktørene.
Klikk her for å komme til Norges Musikkorps Forbund (NMF) sin nettside.

«Heim»s Musikklag, Norheimsund

Heims_Musikklag-Norheimsund
Fotograf ukjent.
Første rekke fra venstre: Lars Soldal, Olav Botnen, dirigenten Arne Helland, Olav Skutlaberg, Arne Otto Skutlaberg.
Annen rekke fra venstre: Per Utne, Ingmar Steine, Olav L. Norheim, Sverre Skaare, Lars B. Norheim, Mikal Valland, Georg Sandven, Ansgar Skeie.
Tredje rekke fra venstre: Magne Norheim, Sigmund Norheim, Sverre Valland, Osmund Odland, Olav A. Tolo, Lars L. Norheim.

Det var det kristelege ungdomslaget «Heim» som tok opp tanken og som i november 1931 gjekk til skiping av «Heim»s Musikklag, med 12 medlemer.

I styret var desse med: formann, Magne Norheim, Anton Tolo og Sverre Skaare.

Laget har hatt sin faste øvingsstad i Norheimsund Trevarefabrik sine lokaler.

Sjurd Røyrvik var den første dirigent. Han var fast dirigent — med små avbrot — til året 1952. I korte periodar vikarierte Ingolf Høyland og Ingmar Fottland for han. Arne Helland tok dirigentplassen etter Røyrvik og har den framleis.

Laget har hatt gode arbeidsvilkår, då mange av dei medlemer som var med frå skipinga av, har vore aktive heile tida.

«Heim»s Musikklag har vore mykje nytta til speling innan bygda ved ymse høve. Det har og ofte teke del på kristelege møter i bygda og vidare utover t. d. på krins og landsstevner, og reknar dette som noko av si særoppgåve. Elles har laget vore på mange turar rundt om på Vestlandet. I 1946 var det med «Brand V» til Nordkapp.

I januar 1939 skipa laget eit gutemusikklag. Leiarar for dette laget har vore: Olav Skutlaberg, Kjell Tolo, Lars L. Norheim og Lars B. Norheim. Laget tel no 12 medlemer.

«Heim»s Musikklag har siste året kjøpt nye alle instrument. Dei gamle vert nytta til utviding av gutemusikklaget. Laget har 20 medlemer. Styret er no: formann, Magne Norheim, Olav Skutlaberg og Ansgar Skeie.

Måndagskveld har vore fast øvingskveld heilt frå skipinga av.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *