Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Hekser og trollkjerringar

Ei gamall kona paa ein gard i Haa-kallet fortalde at ho hadde kjent ein mann som hadde rett god greida paa trollkjerringar. Han var gamall mann daa ho var barn. (Etter tidi daa det var fortalt, maa han ha livt ikring 1800 eller fyre den tid.)

Han hadde ein kniv som han kunde kjenna trollkjerringarne paa. Den kniven hadde han ervt etter far sin, og han hadde sjølv gjort han. Det gjekk til paa den maaten at han tolv jolaftaskveldar i rad hadde gjenge tri gonger rundt husi sine med eit jarnstykke i handi, og kvar aftaskveld naar han hadde gjenge tridje gongen, hogde han ein bite av jarnstykket. Daa tolv aar var gjengne, hadde han tolv jarnstykke. Deim tok han og sveisa ihop og gjorde ein kniv av, og det vart ein trollkniv. Med den kunde han alltid prøva um ei kjerring var trollkjerring eller ei. Naar han kjøpte smør av ei trollkjerring og skar i det med den kniven, daa blødde det. Sette han sidan kniven fast i veggen, so fekk trollkjerringi aldri livande fred, um ho var i sitt eige hus. Ein gong hadde han kjøpt eit smørstykke av ei trollkjerring. Han skar daa i smøret og sette kniven i veggen. Daa vart det so gale fyr trollkjerringi at ho laut til mannen. Ho kom inn og sette seg attved omnen og sa ikkje eit ord lengje. Daa ho hadde site eit bil, tok ho til aa tala med mannen. Ho baade grét og illa lêt og spurde so um han ikkje vilde vera so inderleg gild og taka kniven ut or veggen, so ho kunde faa fred. Han tykte synd i henne og tok kniven ut, og daa gjekk ho. Ho hadde nok havt brennande hug til aa hemna seg; men det torde ho ikkje, av di han hadde livet hennar i sine hender.

Paa den same garden hende det tidt at dei ikkje fekk so mykje mjølk av kyrne som dei skulde. Det kom seg av at troll¬katten mjølka kyrne um næterne og bar mjølki uppaa loftet til trollkjerringi. Den som var trollkjerring, hadde difyr alltid god tid paa mjølk og smør; men det smøret var det alltid raude stripor i, helst i midten av smørstykket, naar dei skar i det, og skar dei med ein trollkniv, so blødde det.

Ein gong hadde mannen hug til aa sjaa um det var so at trollkatten mjølka kyrne. Han tok tausi med seg aat fjoset ein kveld. Dei hadde lykt med seg; men dei breidde eit plagg yver, so dei ikkje skulde skræma trollkatten, og so sette dei seg til aa venta. Det var ikkje lang stundi fyrr trollkatten kom og gav seg til mjølka ei ku. Daa tok dei plagget av lykti, og daa kunde dei skilgreint sjaa den runde trollkatten. Daa det vart ljost, vilde trollkatten ryma; han trilla seg som eit nysta ut paa fjosgangen. Mannen tok daa den eine treskoen av foten og kasta etter katten, og jamen raama han; trollkatten sette i eit fælt skrik.

Naar trollkjerringarne sjølve mjolka kyrne sine, tok dei alltid ein drope mjolk og slo ein stad i fjoset. Det skulde vera til dei underjordiske.

Trollkjerringar var det fleire av en folk trudde. Ein gong rødde dei um ei kjerring som dei var støde paa ikkje var trollkjerring. Det var ein som hadde kjøpt eit smørstykke av henne, og han var stød paa at det var reint. So skulde dei prøva. Jau, jau! daa dei skar i smøret, daa blødde det.

Det var ikkje godt aa verta uklar med ei trollkjerring. Ho fekk so finna ei kona som hadde vorte uven nied grannekona si, og denne grannekona var trollkjerring. Daa laga trollkjerringi det so, at grannekona ikkje fekk kinna tvo gonger etter kvarandre. Slike stykke kunde dei tidt gjera med folk som dei hadde eitkvart utestandande med.

Sume tider hadde trollkjerringarne samling. Naar dei skulde til slike samlingar, so gjekk dei aat gruva og sette seg paa limen, og so reid dei upp igjenom skorsteinen og gjenom lufti til samlingsstaden.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *