Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Helestrandingane

Helestrandi ligg ved fjellvatnet Helen, i nærleiken av Grunkefjell, nord for Løkjun. I gamle dagar var det ei heil bygd her og minst 12 bøndar.

Helestrandbøndane var velstandsfolk alle saman. Kvar joledag køyrde dei 12 Helestrand-bøndane til kyrkja i Valdres. Dei hadde ein liten sylvring festa til kvart saum i hesteskorne. Dette vart i alt 240 sylvringar som song og ringla då dei køyrde på isen, og valdrisane stod reint undrande i vegkanten når helestrandbøndane fór framum.

Elles ferdast helestrandbøndane like mykje i Hallingdal som i Valdres. Helestrandi ligg um lag på grenseskilet millom Vang i Valdres og Hemsedal i Hallingdal.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *