Internt referansenummer: 23.03.09 – A
Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER
Lars M. Fjellstad
I GRENDOM
Folkeminne frå Eidskog III
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 98
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1966
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Lars M. Fjellstad

Hellig Olav og trollet

Ein gong skulle Hellig Olav byggja ei kjerke på nokre få dagar, og dersom han ikkje makta dette, så skulle han misse sonen sin.

Da kom det eit troll til han og sa at det ville sette opp denne kjerka til rett tid. Men dette trollet kravde at kong Olav skulle gissa namnet til det, eller å gi det sol og måne — eller sonen sin. Kongen gjekk med på dette. Arbeidet gjekk meir enn snøgt frå hand. Men Olav tok til å tykkja synd i sol og måne. Og enda verre ville det bli om han laut ut med sonen sin.

Kongen gjekk og tenkte og tenkte på dette. Åssen skulle han få vita namnet på trollet?

Kvelden for kjerka skulle stå ferdig, gjekk kongen ut og kom til eit fjell. Inne i dette fjellet budde det ei trollkjerring, og kong Olav fekk høryra at ho song for den survutte ungen sin:

Tegj, tegj, tullen min.
I morgon kjem Arnfinn,
Far din – –
Anten med sol og måne
Eller sonen
Til Olav den vene.

Da vart kong Olav meir enn glad. Næste dagen gjekk han til trollet, som nå dreiv med å setja opp kjerkespiren. Da ropte kongen opp til byggmeisteren:

”Nå er det nok, Arnfinn!”

Da ramla trollet ned og slo seg i hel med det same.

Vi har prøvd å komme i kontakt med slektninger eller etterkommere etter Lars M. Fjellstad uten hell. Hvis noen som leser dette, kan komme med opplysninger som fører til at vi kan komme i kontakt med slektninger eller etterkommere, setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *