Internt referansenummer: 23.03.09 – A
Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER
Lars M. Fjellstad
I GRENDOM
Folkeminne frå Eidskog III
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 98
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1966
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Lars M. Fjellstad

Hellige kjelder

Olavs-ila ved Matrand hadde ei lækjande kraft, og difor tok dei vare på vatnet frå ho. Gøymde det på flasker. — Det var ei gamal tru at ein ikkje måtte hengja ut barneklutane til turk etterat det hadde vorti avdaga, dvs. etter det hadde vorti mørkt, for elles ville vonde vette få makt over barnet. Men hadde mødrane vaska tyet i vatnet frå Olavs-ila, så kunne dei trygt gjera det.

Ved Stansberg, som ligg millom Skotterud og Matrand, er det og ei kjelde med lækjande kraft. Det er dei som meiner at det er denne som er den rette Olavs-ila, og at det var her at kong Olav og mennene hans drakk den gongen han rømde til Gardarike.

Etter vegen millom Skalby og Lindalen fanst det ei hellig kjelde, som dei ofra pengar til i katolsk tid, serleg på høgtidsdagane. Det krystallklåre vatnet hennar hadde helsebot og verna mot trolldom og alt anna. På botnen av denne kjelda er det funne gamle sylvtoskillingar. I Skjølåa på Vestmarka har det og vori ei hellig kjelde. Ho Karen Olsdotter Råkalbakken såg ho kring 1840. Den gongen var ho Karen ei smågjente på 10 år.

Av alle desse hellige kjeldene er det berre den ved Stansberg som ein ennå kan sjå. Dei andre er heilt borte, ingen kan i dag peika på sjølve staden der dei låg.

Vi har prøvd å komme i kontakt med slektninger eller etterkommere etter Lars M. Fjellstad uten hell. Hvis noen som leser dette, kan komme med opplysninger som fører til at vi kan komme i kontakt med slektninger eller etterkommere, setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *