Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”

Henrik Før veit mangt gamalt

Barnsøl


I gamle dagar hadde me aldri barnsøl — eller barsøl, som me sa — heime. Når me skolde til kyrkje og få døypt barnet, tok me med oss nøgdi mat, øl, brennevin og i siste tidi kaffi. Føreåt hadde me tinga på få koma inn på ein av Stranda-gardane som er like ved kyrkja. Før Strandakyrkja var bygt, var det vel på Svenes, grannegarden til Sveneskyrkja, barnsølfolket tok inn.

Når messa med barnedåpen var slutt, vart alle fadderane og dei nærmaste i ætti bedne inn på den garden der me hadde tinga husrom. Der fekk alle, både gjestene og husens folk, mat og drikke.

Hadde barnefedrene vel ta tå, og folk vilde drikke seg fulle, kunde det bli bammel lenge ut etter kvelden.

Det vart slutt med barnsøl ute or heimen ikr. 1900.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *