Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”

Henrik Før veit mangt gamalt

I bryllaup


Her i Nord-Aurdal var det helst sist på vinteren dei heldt bryllaup. Brudi skulde flytja inn i den nye heimen sin um våren når det var framfødt. Då fekk ho med seg heimegåva si. Det var helst krøter, eit par kyr, ungfe, sauer og sume jamvel ein uppsala hest, om gifta var ei bondegjente.

I bryllaupi var det i gamal tid alltid ein kjømeister. Han var ogso jamt bel.

Her i grendene var det farbror min, Andres Henrikson Nes, som var kjømeister. Andres var skulemeister på Strand og Fodnes ikr. 50 år. Folk talar endå um den makelaus fine songen hans. Han gamle Timan i Moe var òg kjømeister.

Dagen føre bryllaupet gjekk belen rundt og bad til bryllaups. Når han kom inn, laut alle i huset stelle seg upp på golvet. So sa belen fram med høgtid ei lang, fast, morosam regle um at dei vart bedne til bryllaups.

Var det regn og snø bryllaupsdagen, vart det fløyst stell. Vind og kulle varsla uhygge. Men var det turrver og solskin, vart det smått stell.

I bryllaupet var det kjømeisteren som skjenkte og styrde alt. Han bad til bords, song bordverset, bad for maten og tala for brud og brudgom um han var god til det.

I gamle dagar vara bryllaupi ofte 6 dagar. Soleis var det i all fall då Jens Før heldt bryllaup med Åste i Haga. Dei var saman so lenge dei hadde brennevin, og her på Før var det brennevinsgang, so det var fløyst med sterkt. Maten var etter råd og hjartelag. Det var ei her i bygdi som laga kalvepylse til bryllaups. Du kunde ha bode fram slikt no!

Når bryllaupsferdi reid til kyrkje, skaut folk til ære for brud og brudgom so det smala i åsane.

I kyrkja laut brudeparet passa på at dei heldt seg etter gamle skikkar, elles kom dei på folkemunn. Snudde brud og brudgom seg frå einannan når dei gjekk frå altaret etter vigingi, skulde dei bli usamde, og eit stussleg ekteskap vart det for dei.

Brud og brudgom var dei fyrste som dansa i bryllaupet når dei kom att frå kyrkja.

Andre bryllaupsdagen etter dugurden skjenkte kjømeisteren ein dram til kvar, og so skulde kvar og ein gje i fela. Kjømeisteren og hjelparane hans para då saman alle bryllaupsfolki. Det vart ein svær strid um kven kvar skulde ha. Dei det var drag med, para dei fyrst og so alle hine.
So laut par etter par stige upp på to stolar, stabbin, og gje i fela. Dei gav vanleg frå 12 skilling til ei mark. Den som stod med pengeskåli, ropte upp kor mykje kvar gav. So sette spelemannen i med ein springar, og so laut dei som hadde vore på stabben, danse åleine stabbedansen.

Det var ei ære far brudeparet å ha ein glup spelemann. Då Tor Før og Åste i Haga heldt bryllaup, var Jørn Hilme spelemann. Det var gut som fekk mål i fela! Han spelte slik at brennevinsstaupet han skulde ha, fór etter bordet so skvetten stod. Då ein flokk av bryllaupsfolket skulle upp på upp-påstoga, gjekk Jørn føre og spelte so huset knaka. Men då vart folk redde. Dei trudde hinmannen heldt i bogen hans.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *