Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Her stua mi no står, var ei gammal lae…

 

Her stua mi no står, var ei gammal lae. Då eg tok til å riva den, og folk fekk vita at eg vilde byggja på tomta, var det fleire som talde av og sa eg skulde ikkje ta det til stutomt. Eg let som eg ikkje forstod; stua kom upp den, og ei lang tid gjekk det so eg ikkje marka noko. Men so var det nokre år etter kona mi var død; det var endå juledagskvelden, og eg sat attmed bordet her og såg i ei bok. Ja, best eg sat slik, vart eg vis ei hand som kom furande etter glasruta. Til slutt hadde eg heile handa på glaset. Det var ei kvinnehand, og på ein finger sat det ring. Eg tenkte det var nokon som var ute med rakkarspek. La so på dør. Det hadde snøa urlite, so det var høveleg sporsnø. Men då eg kom rundt og var med glaset, so vistes det ikkje anna trakk der enn det eg sjølv hadde sett på. Likevel kunde eg ikkje anna forstå enn det laut ha vore folk. Og eg til å leita; eg gjorde retteleg ei heil sjaka. Men nei. Med det laut eg då gje tapt.

Lenger frampå vinteren vart eg ute for noko anna. Eg hadde vore ute eit snarærend, og var komen baker i svala og skulde ta upp studøra. So var ikkje den å rikka. Eg vart no der standande både vel og lenge; men døra reppa eg ikkje. Gjekk so eg rundt og gjenom kjøkenet. Men då eg no let i døra innanfrå, so gjekk den so det berre kysta etter. Dette same vart eg ute for eingong seinare på vinteren. Eg vilde no ha ei greide på dette. Gjekk so eg i vedsvala etter øksa, og tok brøttak på døra. Men det stod i stein. Eg vart då høveleg arg, eg gjekk gjenom kjøkenet og i stua. So stelte eg meg midt på golvet og smurde økshamaren i golvplanken; du ser sjølv fara etter øksa i planken. So bad eg dei visa seg, um her var nokon som hadde ærend hit. Etter dette har eg ikkje vorte ute for noko (Beiarn).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *