Kilde
Storflåmen 1938
og andre minner frå
Vågå, Bræbygden og Heidal
Jørgen Espelund

Klikk her for å lese firiordet i boka

Dølaringen Boklag 1988
ISBN 82-90072-34-1
Historien gjengitt etter spesialavtale med
Jørgen Espelund.

 

Heringstad blir uppattbygt

Stugu frå Steinfinnsbø

Når gale skulle vera, va det ei stor lykke i olykkun at alle uthuse på
Heringstad vart berga. Med kyr på båsen, småfe, hester og gardsredskap
var det råd å drive garden vidare. Der va høy og halm på låvom, og i
skogen stod gildt timmer.

Verre va det med det øyeblikkelege, daglege tarv. Det va heller ikkje fyrste dagen å koma over sjølve sjokket.

Kår ei matså gjekk med, når ein tek onda at kyrne mjølka. I di solide,
mura kjellarom med steinhellor og jordfyll uppå, greidde kanskje
potetene seg, men nedgangen vart da open for vær, vind og kulde.

Men, rådlause er aldri folk, og eit ekstra pluss va at sjølve eldhuset,
der døm båkå flatbrød, greidde seg. Det stod bra langt onda, synnafor
garden. (I storeldhuset, der varmen fyrst kom laus, va bryggerhus med
panne, grovkjøken som ein vilde kalle det nå.)

Det vetle eldhuset va ikkje mindre enn at døm kom i gang med det
daglege matstellet der. Her va au plass for seng åt budeie og
husholderske.

Karfolket sov sjå næraste granner på Kruke den fyrste tidé. Snart vart
det vår og sommar, og livet gjekk sin gang, slik det va. Det gjekk
heller ikkje lenge før folket tok te å tenkje på uppattbygging. Her va
det fyrst og fremst om å gjera å utnytte vinteren og
sledaføret, så lengje det vårå.

Eit særtilfelle kom Heringstadfolket til hjelp. Garden med det sterke
og vakre namnet Steinfinnsbø, låg synnafor Ellingsbø. Det er den tredje
garden som vart skipla i rekkjun, ikkje fordi elden herja, men det
gjekk ut med folket der. Kommuna åtte garden i 1928.

Gamelgarden på Steinfinnsbø va enda meir særprega hell alle di andre,
fordi mælhaugen han låg på er så bratt og høg, men flat og fin uppå.

Lite seinare vart garden delt i tri bruk. Søre Steinfinnsbø ligg nå på
gammeltoftom. Her stod enda i 1928 ei gåmål, ærverdig stugu, like stor
og gild som på di fleste andre gardane i bygden. Denne fekk da Per
Heringstad kjøpt for 3000 kronor.

Å fløtja slike stugu, um det så va bygdamillom, ha vore vanleg te alle
tider. Men någå lett arbeid va det ikkje, med berre hånd- og hestemakt.

Det va å leggje lange «sleipo», som døm va kalla, granne stokker, uppå
veggjin, og så fire stokkene ned. Med lange tau i kast rondt, gjekk det
lettare enn ein skulle tru. Med kløkt og lempe går alt.

Bratt va bakkjin ned frå Steinfinnsbø, og bratt va det upp att åt Heringstad. Det gjekk, og um våren låg tømmerlunnen der.

(Til samenligning kan nemnast at stugu på nørdre Ekre er i si tid
frakta frå Graffer i Lom. Med sledaføre og isveigjer va det otruleg kå
døm kunne frakte med meiredskap før i tiden.)

Det va da ikkje berre å tå te å leggje upp att stugu på Heringstad heller. Grunnmurene va smuldra i varmen, og heilt øydelagde.

Stein måtte skaffast, og murmester. Det gjekk au godt, og alt um
hausten att tok garden te å reise seg utur oska. Tømmermester va han
Per Brennun frå Lalm. Han va kjent både som timrar og felespelar.
Håndverker og kunstnar i ein person.

Lenger enn te hitt året gjekk det da ikkje før det på ny rauk utur pipun i ny, men likevel gåmål stugu på Heringstad.

Tilfellet med Steinfinnsbø vart da med te å bøte på såret lenger nord i
bygden. Søre Steinfinnsbø ligg vakkert på haugen sin som det gjer i
våre dågå, og alt med seg er di tri nye gardane ei ny heilheit.

Å få upp att alle di sju huse som brann ned, va ei uoverkommeleg uppgave. Det fekk vera bra med ei anna løysning.

Neste steget va å få te att stabbur. Ei stort tvihøg tørkestugu som
stod ved Kvennveité uttafor Kruke, vart frakta uppover. Med ein a'n del
attåt, vart det eit bra stabbur på god, gåmål toft.

På utdørn her er brukt eit gåmålt smidd beslag, som va på eitt tå stabburom som brann ned. På denne er bokstaver og årstal:

Mange ting på gardom har eitt eller anna å fortelja frå attover i år og
tid. På di nye stabbursdørn er brukt ei smidd jønnplate te beslag
uttapå. Ho ha nok vore på ei gravfjøl, eller stein. Någå tå innskriften
er utviska, eller burte i nykjylholet. Det som kan tydast er:

«Herunder hviler den s… Qvinde Kari Frantzdatter Heringstad Anno 1758.»

Eit minne frå fyrste tiden etter at kjørkja vart bygd i Heringstadmoen,
og innvia 1754. Namnet Frantz og Gottorm går ofte att i slekten langt
attover, men så i året 1775 bytte folket på Heringstad gard med folket
på Graupe i Kvikne. Da kom Torgernamnet inn, og med at det kom ei
kjerring tå Stor-Per-slekten frå Horgje, vart det sia Torger og Per frå
led te led.

Slike småe ting er med og fortel sitt i soga um folk og følgje på ein gard.

Så langt upplette vart det heller ikkje før Per Heringstad tok te å
planleggje ny stugu på ytre toften. Da fyrst vilde garden få att det
gamle andletsdraget sitt.

Som det før er nemnt, vanta det ikkje gildt timmer i gardsskogen. Å få
det fram va korkje lett eller snøgt, men snart låg ein stor lunne med
lugumt hustimmer på gardsplassen.

Ny mur måtte fyrst te her au, og så tok to dyktige tømmermenn fatt. Det
va Hans Granrud og Eilev Djupdalen, som seinare vart med på å byggje
upp att kjørkja. Døm timra upp fyrste høgde på stugun ein vinter, i
upptil 36 grader kaldt!

Timret i stugu er rondt uttapå og flatrødt inni, etter gåmål gjerd.

Neste sammaren vart arbeidet ståande stilt, for ein ting skuld: Det
vanta kronebjølke. Dette er den grove åsen som ligg på langs ondé
sjølve takbjølkom i så mange gamle stugu. Den er prikken over i-en i ei
stilrein stugu og må til for å bera uppe midtvegg og åser i andre høgde.

Per Heringstad såg ikkje utveig te å skaffe slik utur eigen skog. Um
det fantst, va det kanskje ikkje råd å få den fram i veigløysé.

Han prata med skogforvalter Wolrath um å få sjå etter eit stort tre i
det freda feltet på Randsverk. Det va nå ikkje råd, sa han, «men du fær
sjå etté um du finn eitt i Kvenngrov, nordafor Hovda.» (Dette er
skogfeltet burtover mot Ridderspranget i Vågå-almenningen, Langmorkje.)

Så snart det vart skikkeleg vinterføre att, tok Hans Granrud og Eilev
Djupdalen burtover med ei gild tverrvedsag og skarpe bilor på nakken.
Dette va litt av ei spenningsferd. Pål Fjerdingren, som forpakta Hovda
den gongen, hadde ein morkaveig gjennom skogen. Karene tok åt etter
den, og snart vart døm vare ei kjempestor furu. Nær morkaveigen, som
hellet va. Døm fekk så felt ho, og treet va både langt og grovt: 95
centimeter over stubbin. Eit stykjy uppå stammun va fleire grove
kvister. Desse måtte døm gå framum, og enda heldt treet te ein godt og
vel åtte meter lang bjelke, seksten tommer, eller godt førti centimeter
i firkant. Det er ei bra tremasse, når ein reknar etter at det blir som
ein stabel på seksten fire ganger fire tums reisverkstolper.

Så va det å gå laus med kvisting. Deretter reidde døm tå horken ogopå,
og slo streker med sverta snor, på gåmål gjerd. Så hogg døm inni skoro
med stutte millomrum, og kløyvde laus stykjy for stykjy med bleggjer.
Så va det å telje reine flatun, og til dette brukte døm bilor, breide
økser, med krokåte skaft.

Med det va halve arbeidet gjort. Så velta døm treet på flasken, og så
va det såmå operasjonen upp att, med snorslag og skorohogst og teljing.
Det skulle vore ein rugg til stokk å bruke i ein vegg, slik han låg før
di to siste sidun va rødde, prata døm um. (I ei stugu på Graffer i Lom
byggjer tri stokker til samen på lag ein og ein halv meter.) Nere
stokken i nørdre veggje på Steinfinnsbøstugu er heller ikkje nugun
smågut. Stugu er 12 meter lang. Stokken er i heil lengde, byggjer på
lag 40 centimeter i veggen, og det er oråd å sjå forskjel på rot og
topp! Det må ha vore eit drusteleg tre, som sikkert ein gong ha stått i
di bratte li'n ogofor Steinfinnsbø.

Der låg da kronebjølken, i grovtelja stand, seksten og ein halv tumme i
firkant. Å få til ein slik på an måte vilde vore oråd. Sagbruk med så
stort blad at det ha rokkje til, fanst ikkje den gongen.

I god tid vart det ringt heim åt Heringstad, um at døm måtte sende
iveigen ein kar med to hester og lugum ambod. Å få dette åverket heim
va ikkje minste uppgava.

Det laut to hester til for å få bjølken utur morken. Ein langhumul vart
montert på rustningsbukken, og så tøygde hestene bjelken stubb for
stubb. Morkaveigen hass Pål va litt for laus, men komne fram åt Hovda
vart det betre. På hard veig og nedoverhelling gjekk det med ein øyk
framover moene åt Rindhølgrenn. Upp Rindbakken laut andre hesten
spennast for att, og likeeins i brattbakka upp åt gard'e på Heringstad.
Og så, tredje dagen etter døm tok te å felle kjempetreet, låg
kronebjølken på tunet.

Hans og Eilev skreiv sluttkapitlet i ei lang bygningshistori med desse
arbeide. Så langt ein veit, har det ikkje vore bygt fleire slike timra
stuguo med kronebjølke etter den tid, tå nyo, korkje her i Heidal eller
i grannebygdom.

Ved at såpals mykjy tå treet vart telja burt, kom døm inn på rein
malmved. Derfor va det au råd å høvle bjølken meda han va rå. Så stod
det verste att: Å få han upp i veggen. I slike tefelle hogde døm inn
fiskespordhakk, som det heiter. Da desse va ferdoge i båe veggjom, tok
døm nøyaktogt stikkmål imillom, og kappa bjølken etter det. Endene vart
utforma etter model som hakket i vegjom, og så fekk det bera eller
briste!

Ei heil slo med karer måtte til for å få bjølken uppå bygget, og skuvt
utover på plass. Da fyrst kom spenningje: Vilde han høve nedi hakkjé?

Så trongt va det, at to mann stod med sleggje i kår ende og delja på.

Jau, bjølken låg um ei stond som støypt i veggen. Ja, det skulle sett
vakkert ut, um han ha fastna på halvvegen. Ingor makt kunne ha fått han
upp att.

Utover vinteren vart så andre høgde upptimra, og kom under tak. Attåt
det vanlege innreiingsarbeidet høyrde au å få upp ein diger peis og
pipe. Såmå kara'n la upp peisen tå kraftige kleberblokker frå verksted
ein stann. Men eit vanskeleg arbeid stod att: Å utforme peiskinnene
frama-i. Denne uppgava fekk han Per Rusten, eller Per Skulstugun, som
han støtt va kalla i det daglege. Dermed va solid og pent arbeid
garantert. Han Per va ei ovanleg flink og nøyaktig håndverker, som har
mange minne etter seg i bygden. Eitt tå døm er eit skåp han i si tid
gjorde åt lærar og ordførar Iver Dale. Bak på dette står med
blyantskrift:

«Arbeidet af Peder Rusten i året 1912.»
Nystugu på Heringstad vart kanskje som ei eksamensuppgave for Hans
Granrud og Eilev Djupdalen. Det kan tenkjast at byggmester Knut Villa
såg på ho før han valde ut tømmermenn åt kjørkjebygget i Heidal någre
år seinare.

Da den ytre stugu va ferdog, kunne Heringstafolket rette ryggen og slå
fast at hogget etter brannen va reparert så godt som ein kunne
forlange. Di gamle uthuse vart utskifta eitt for eitt. Den eine gamle
låvin stod til han gjekk med i ein ny lausvarme 1961, men det va ikkje
da fare for någå anna tå husom på gardé.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *