Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Herrik Perrik Nøland

Det var ein gong tri smågutar, og foreldri deira var dlde. Gutane var redde for dei skulde svelta i hel — det hadde ingen ting å leva av, må tru. Dei skifte arven millom seg og det vart kje stort på kvar. Den eine fekk ei gryte, den andre ei hakke og den trea, som heitte Herrik Perrik Nøland, fekk ei katte.

«Gud skje lov at eg fekk hakka, sa den eldste, for når eg låner henne burt fær eg ein brødleiv for lånet».
«Gud skje lov at eg fekk gryta, sa den andre, for når eg låner henne burt fær eg sakte skrapa ho for lånet».
«Gud betre meg, eg har inkje, eg», sa Herrik Perrik Nuland og gret. —
«Tig, tig, det skal vel bli ei råd for deg med», sa katta hans.

Og so gjekk katta ned til elvi og mjaua.

«Mjau, mjau, mjau — inkje mus og inkje mjølk på denne sia åi», sa katta og drog seg langs med elvestrandi. Rett som var kom det ein bjørn traskande or skogen, og då han høyrde katta ingen ting hadde og inkje kunde få på denne sia elvi, tykte han synd i henne og baud seg til å symja henne over på hi sia. Katta var snøgg som ein lyneld, hogg ei klo i kvart øyra på bamsen og reid med han til kongsgarden. Der bad katta um å få svalle med kongen, og det fekk ho då løyve til. Då ho kom fram for kongen sa ho:

«Herre konge, han Herrik Perrik Nøland sender deg eit levandes dyr i dag — um du ikkje vil forsmå det».
«Ja vel, det er saktens gode greier det», sa kongen, han var takksam for ei slik gåve.

No vart katta førd til bords i kongsgarden. Tenarane hadde lagt duk på, lagt fram sylvknivar og sett fram god mat — den beste kongsgarden kunde byde. Men då katta vel hadde sett seg til bords tulla ho saman duken med sylvknivane og all den gode maten og fôr attende med alt i hop til Herrik Perrik Nøland.

Han fekk seg skjorte av kongens bordduk, og so fekk han seg då gilde sylvknivar.

So luska katta ned til elvi att.

«Mjau, mjau, mjau, inkje mus og inkje mjølk på denne sia åi», sa katta og drog seg langs med elvestrandi. —
«Kom til meg, skal eg bera deg over», sa ein røv, som høyrde kor klent det var for henne på denne sia av åi. Dermed hogg katta ei klo i kvart øyra på røven og reid med ham til kongsgarden og bad um å få svalle med kongen, og det fekk ho.

«Herre konge. Han Herrik Perrik Nøland sender deg eit levandes dyr i dag, dersom du ikkje vil forsmå det», sa katta. «Ja vel, det er saktens gode greier, det», meinte kongen, han vilde ikkje for-små det.

So vart katta sessa til bords atter i kongsgarden, med duk, sylvskeier, sylvknivar og alskens god mat.

Men ratt katta hadde sett seg til bords tulla ho i hop duken og all sylvstasen og fôr heim med til Herrik Perrik Nøland.

So gjekk katta atter ned til elvi.

«Mjau, mjau, mjau — inkje mus og inkje mjølk på denne sia av åi»», sa ho.

So kom det ein elg traskande or skogen.

«Set deg på ryggen min, skal eg bera deg over», sa han.

Dermed so hogg katta ei klo i kvart øyra på elgen og reid med han til kongsgarden og bad om å få svalle med kongen, og dette vart det trast råd med.

«Herre konge. Han Herrik Perrik Nøland sender deg eit levandes dyr i dag — um du ikkje vil forsmå det», sa katta.
«Ja vel, det er nok gode gåvor, det. Det må vera ein mektug mann denne Herrik Perrik Nøland», segjer kongen.
«Ja, han vil hava dotter di til kone», segjer katta.
«Ja ha, han får koma hit so me får sjå på’n, då», svara kongen.

So vart katta atter beden til bords i kongsgarden — eit bord som var både fint duka og dekt med sylvskeier og sylvknivar og god mat. Men just som katta hadde sett seg til bords tulla ho saman duken og alt i hop og vilde reise heim med ein gong.

Medan katta sat til bords hadde kongen tenkt seg um og var komen på det at han skulde slå lag med katta og fylgje dotter si til Herrik Perrik Nøland då med det same. Og dette hadde katta inkje noko i mot, men ho vilde gjerne traske til litegrand i fyreveg so Herrik Perrik Nøland kunde få visst um kva storfolk han hadde i vente. Og dette tykte kongen var rett tenkt av katta og gav seg litt tol fyrr han tok på veg.

Då katta var komen eit stykkje på heimveg, råka ho på ein gut, som gjætte so mange kalvar at dei skyggde for soli.

«Kven eig alle desse kalvane ?» spurde katta.
«Å det er no jutulen i berget, det», svara guten.
«Å kjære vene, segg at det er kalvane hans Herrik Perrik Nøland, når eit stort herskap no trast kjem etter, skal du få ein fin sylvkniv av meg», sa katta.
«Ja, det kostar no ikkje meir, det», svara guten. Og so fekk han ein sylvkniv.

Då katta var gått eit lite stykkje veg att, råka ho på ein gut som gjætte so mange kyr at dei skyggde for soli.

«Kven eig alle desse kyrne ?» spurde katta. —
«Å, det er no jutulen i berget, det», svara guten.
«Å kjære vene, segg at det er kyrne hans Herrik Perrik Nøland, når eit stort herskap no trast kjem etter, skal du få ein fin sylvkniv av meg», sa katta.
«Ja, det kostar no ikkje meir, det», svara guten. Og so fekk han ein sylvkniv.

Då katta var gått eit stykkje veg att råka ho på ein gut som gjætte so mange hestar at dei skyggde for soli.

«Kven eig alle dessa hestane?» spurde katta.
«Å, det er no jutulen i berget, det», svara guten.
«Å kjre vene, segg at det er hestane hans Herrik Perrik Nuland, når eit stort herskap no trast kjem etter, skal du få ein fin sylvkniv av meg», sa katta.
«Ja, det kostar no ikkje meir, det», svara guten. Og so han fekk ein sylvkniv.

Då katta kom eit stykkje veg til, råka ho på ein gut som gjætte so mange sauer at det skyggde for soli.

«Kven eig alle desse sauene ?» spurde katta.
«Å, det er no jutulen i berget, det», svara guten.
«Å kjære vene, segg at det er sauene hans Herrik Perrik Nøland, når eit stort herskap trast kjem etter, skal du få ein fin sylvkniv av meg», sa katta.
«Ja, det kostar no ikkje meir, det», svara guten. Og so fekk han ein sylvkniv.

Då katta var kome eit stykkje burtetter vegen att råka ho ein gut som gjætte so mange grisar at dei skyggde for soli.

«Kven eig alle desse grisane?» spurde katta. —
«Å det er no jutulen i berget, det», svara guten.
«Å kjære vene, segg at det er grisane hans Herrik Perrik Nøland, når eit stort herskap no trast kjem etter, skal du få ein fin sylvkniv av meg», sa katta.
«Ja, det kostar no ikkje meir, det», svara guten. Og so fekk han ein sylvkniv.

Då no kongen kom etter med dotter si og fekk sjå alle desse kalvane, kyrne, hestane, sauene og grisane hans Herrik Perrik Nøland, sa han til dotteri:

«Ja, du blir best gift av alle døtterne mine».

Då katta kom fram til jutulen i berget, var han ute eit erend. Men katta fekk låst seg inn og gav seg godt tól med å sjå på alt gull og sylv som var der i berget. Det var saktens mange hestelass med gull, og sylv var det so mykje av, at det var ikkje anten tal eller ende på det.

Då det var lide ei stund kom jutulen heim og vilde inn att, men døri var stengd og katta mjaua innan for.

«Lat upp, lat upp for meg og mine gyldne lanker!» skreik jutulen.
«Tig med deg, skal eg fortelja deg kor stor naud eg var i før eg kom meg i brød», sa katta. «Fyrst grov dei meg ned i jordi, og eg rann upp so lang og smal, so skar dei meg tvert av og hengde meg upp til turkings».

Lat upp, lat upp for meg og mine gylne lanker!» skreik jutulen atter. «Huset er mitt og døri er di!» illskreik han.
«Tig, tig med deg, skal eg fortelja deg kor stor naud eg var i før eg kom meg i brød», sa katta. «So tok dei og banka og gneid meg og hadde meg på eit varmt hus».
«Lat upp, lat upp for meg og mine gyldne lanker. Huset er mitt og døri er di!» skreik jutulen atter.
«Tig, tig med deg, skal eg fortelja deg kor stor naud eg var i før eg kom meg i brød», sa katta. — «So tok dei og skvetta vatn på meg og gjekk på meg med kne og olbogar, knådde meg og baka meg flat og brende meg». Med det same katta hadde sagt dette siste, spratt soli i tindane og jutulen vart standande i stein. Katta fekk so vidt greidt med å få skrotten til sides til kongen og kongsdotteri kom. Då dei vart var Herrik Perrik Nøland og alt hans gull og sylv, vart det grumt so det var reint tå lagje, og brudlaup vart det trast etter. Sea levde Herrik Perrik Nøland og kongsdotteri lenge og lukkeleg saman.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *