Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trykk, 4480 KVINESDAL
1992
Klikk her for å lesa ”Føreordet”
Klikk her for å høyra Samuel Gysland fortelja om boka «Fotefar frå folk føre»
Lydfilane er henta frå Radio Lyngdal

 

Hestar og hestekrefter

Blakken 31 år 

Blakken som 31 åring attmed bustømmeret som han har drege heim.
Fotograf ukjent.

Det er ikkje i frå vår landsdel, ordtaket om hesten og kjerringa. Men det seier ganske mykje om den posisjonen hesten hadde på garden i eldre tider. Resten skal eg ikkje kommentere. Ordtaket lyder i alle fall omlag slik: «Ein fin hest og ei feit kjerring er ei ære for ein gard».

Første hesten eg minnest, var den svarte fakshesten som var raskare enn dei aller fleste andre. Far hadde kjøpt han som fole i prestegarden, og når sant skal seiast, så var der noke prestelig over han når han kom tråvande med høgreist hovud og flagrande faks føre karjolen. Han var litt lett på foten også når det galdt arbeid på garden og i skogen. Bilane likte han heller ikkje særlig godt. Likevel trivdes han og far rimelig bra i lag i mange år. Ein vinterdag eg kom heim frå skulen, sprang eg i møte med far som kom køyrande frå skogen med eit stokkelass. Hesten verka lysare enn vanlig, og hadde heller ikkje faks. Det var ikkje til å tru, men det var ein annan hest. «Kossen liga du den?» spurde far. «Han æ fine», svara eg, og sprang til ein plass ingen såg meg. Då kom tårene. Nå kunne eg aldri bli glad meir, trudde eg.

Den nye hesten var brun, heller liten, men sterkbygd og velskapt og ikkje særlig lett på foten. Heller ikkje den var feilfri. Han var så flugeskjerr at når vi køyrde etter vegen, hende det, at han under fart sparka seg under vomma for å jage flugene. Han blei døypt «Stundom», men blei nok på ingen måte så kjær som gamle Svarten, og så var han heller ikkje så rask etter landevegen. Han blei seld ein haust, ikkje så mange år etter. Så kunne heile høyet brukast på kyrne mest heilt til våren, sa far. Då skulle han kjøpe ny hest. Det gjorde han og. Det var ein stor, svartbrun vallak. Der følgde med eit papir som fortalde at han heitte Rein Tempo og var 7/8 norsk. Kanskje det var det utanlandske blodet som gjorde han så stiv og størjen at han av og til hadde vondt for å kome opp att når han datt over ende i skogen eller andre stader? Heller ikkje denne blei særlig omtykt, men vi hadde han likevel i fem år. Då kom Blakken, eller ”Tomeliten” som vel var rette namnet.

Det var ein vårdag i 1937 han kom dansande inn på tunet. Som du nok forstår av namnet, så var dette ein fjording. Den første på garden vår. Ingen ville vel denne dagen trudd om noken hadde sagt det, at han skulle bli verande i 30 år. Men slik blei det. Han var lang og låg, med kraftige bein og tjukk nakke. Til å vere så liten, var han kjempesterk. Før var det alltid vanlig at vi pløgde voll med to hestar for plogen, men smått om senn blei det til at Blakken greidde det åleine. Sjølvsagt gjekk det seinare, men dei krystallklåre haustdagane med ein sveitt hest føre plogen og gulnande lauv i liane, er vidunderlig vakre. Då er det hugnad i ei kvilestund på plogåsen.

Då dei fem lange krigsåra kom, var det Blakken vi kunne takke for mat og varme både til oss på garden, og til mange, mange andre.

Blakken fekk mange år på nakken, og der kom andre hestekrefter i bruk. Dagen blei fastsett då slaktaren skulle setje punktum for livssoga. Men nei takk san. Då barna i huset fekk greie på dette, var landesorga eit faktum, og innmeldinga til Samslakteriet måtte fluksens tilbakekallast. Så gjekk der endå nokre år. Barna blei vaksne og Blakken gammal. Nå var der ingen veg utanom. Ein hausdag i 1967 gjekk han opp låvebrua for siste gong. Slaktebilen stod og venta nedunder. Hesten forstod at noke var uvanlig, og eg måtte bakke han opp mot låven. Der small skotet. Blodet rann på den same jorda som hadde teke mot heile Blakken si arbeidskraft.

Eg trur det var ein god slutt på eit langt og strevsamt liv.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *