Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn;Tore Ruud

Hestemannen og Lekkamøya

Sulitjelmakongen
var mektig mellom kongar. Han hadde sju døtrer. Fekk dei så ein dag besøk av Lekkamøya . Då tok dei alle på tur ut på Landego
for å bade. På hi sida Vestfjorden der budde Vågakallen . Han hadde ein son dei kalla Hestmannen.
Han hadde lenge vore hugteken i Lekkamøya. No sat han vestom fjorden og
kikka på dei alle. No høvde det godt, tenkte han. Han ville fange
Lekkamøya. Midt på natta fór han over Vestfjorden mot Landego. Men
møyene der sov nok ikkje, og dei pakka saman og tok til i hast søretter
kysten med ein gong. Dei skulle nok komme seg unna, tenkte dei. Men då
dei var komne til Alsteinøya var Sulitjelmadøtrene så trøytte, dei vann
ikkje meir, og sokk saman. Men Lekkamøya ho visste at det var henne
vågansonen var ute etter. Ho flykta fortare og fortare søretter, og
Hestmannen fann ikkje råd til å nå henne. Då vart han arg. Han tok fram
bogen sin, reiv ei pil av fjellet og la for bogestrengen. Han skulle
skyte Lekkamøya. Men Brønnøykongen
han såg dette. Han ville avverje skaden. Så heiv han hatten sin framfor
pila og stogga ho. Hatten vart gjennomhola og datt ned i Brønnøysundet.
Han heiter no Torghatten. Lekkamøya berga seg unna den gongen. Midt i
dette ville jaget rann sola opp og alle jutulane vart til stein.

Du kan enno sjå Hestmannen. Han står den dag i dag på Hestmannøya.
hestemannen_og_lekkamoya.jpg

Illustrasjonstegning av Karl Erik Harr

Vill og veldig sit han på ryggen av hesten sin. Han held ein hjelm framfor seg, og har kappa si dregen ned om akslene sine. Dei Sju Søstrene
på Alsteinøya, Torghatten
i Brønnøysundet og Lekkamøya straks sunnaføre, er likeins synlege som minne om eit vilt drama langs Helgelandskysten
i folkeleg dikting og fantasi.

Readers comments

  • Rettelse:
    var Sømnakongen, og ikke brønnøykongen som kasta hatten, og den falt definitivt ikke ned i Brønnøysundet, men lengere sør, ute på Torget !

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *