Internt referansenummer: 09.02.2013 – A
Kilde:
FRÅ GAMLE DAGAR
FOLKEMINNE FRÅ SIGDAL OG EGGEDAL
Andreas Mørch
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 27
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1932
Klikk her for å lese ”FØREORDET”

 

Hiåskarar

 

I Hiåsgardane har det vøri spreke karar frå gammal tid. Både i Vestgarden, Mellomgarden og Framgarden har døm vøri så sterke, at det har gått ord om døm i heile bygda.

Han Knut Olsen Hiåsen var ein kjempekar å sjå på, og ein bjønn til å løfte og ta tak. Han var fødd i 1786, og var på det beste i den tida karane låg ute mot svensken.

Han var ein gong i kastelag med nokon vestlendingar. Ein tå dessa skulde vera så urimeleg sterk. Han hadde så stutt nakke denna samma karen. Han bruka aldri hugupute når han søv. Han høldt hugu rett ut i veret og sov slik. Denna karen flaug på’n Knut, men da råka han reisa. Han Knut hadde ti’i han så vestlendingen ikkje hadde hatt godt tå det. Han hadde kasta’n som ein vott.

Son hans Knut heitte Ola. Det var ein grovsli’in kar, roleg, men sprek. I hans tid var bjønn så nærgåande i Vestgarden. Det var med Ola var ung, men han var ikkje redd’n. Når han var vest i Gryteelva og fiska, var det fleire gongar han satt ved varmen utmed elva om natta og hørte bjønn knurra og braka like bortom. Bjønn våga seg aldri så tett innpå at han kom fram i varmelyset.

Når det leid fram til den tida at fisken skulde til å bite om mårran, gikk’n Ola stad og fiska. Han brydde sei ikkje meir om bjønn.

Han Ola var gift med ho Mari, som var dotter hans gamle Ola Bergan. Ola Bergan var med krigen i 1807-1814. Han var med ved Blaker skanse og gikk for å vera slik ein flink skyttar. Han vart hølli grommare enn dei andre karane. Difor vart han sett til å følgje kapteinen støtt.

Bjønn var så lei i jordet i Vestgarden. Han hadde fått vana på å beite i åkeren vest i jordet. Da døm hadde skøri om høsten, såg døm håss han ryska og åt tå kønnstaurane. Ein kveld gjorde han Ola opp varme borti ved kønnstaurane for å skreme bjønn. Da bjønn kom, vart han nok vill. Han flaug på ein kønnstaur og fata’n. Så tok han stauren i fanga og kasta’n på varmen. Detta stod han Ola og såg på.

Son hans Ola heitte og Ola. Det var «Vestgardingen» døm kalla. Han levde til 1925.

I Mellomgarden var det Kittil og Håken. Døm var brørar. Han Kittil hadde garden. Han var far hans Narve. Han Narve hadde garden til han Håken, son hans tok over. Han vart den siste i den slekta som hadde Mellomgarden.

Dessa to brørane, han Kittil og han Håken, var sterke ka¬rar. Døm dreiv med å høgge tømmer, men døm tok aldri med sei mat til skogs. Døm åt godt før dom gikk. Så høgg døm så lenge dom såg. Da smaka maten så mykje be’re når døm kom heimatt, sa døm. Tømmeret var grovt i den tida. Han Kittil skulde vera den beste tå dom. Han gikk ikkje heimatt før han hadde tylvta full. Han Håken stakkar, vilde hølde følgje med, han og. Men da vart han så stiv i fingrane, at han ikkje fekk retta ut fingrane når han skulde ta om økseskaftet. Han måtte smette det inn mellom dei krokute fingrane. Men tylvta høgg han.

Døm hadde ein bror oppi Flå. Det var han Steinar på Ve.

Ein sommar i slåtten var han Steinar oppå skaugen til brørane sine. Det var bare han Kittil heime. I denna tida brente døm ålt det brennevin døm skulde ha sjølve. Det var ganske sterke saker døm laga til.

Da han Steinar kom, sette han og han Kittil sei til å ture. Døm satt heile natta. Da hadde døm drøkki opp fem pottar. Men enda var ikkje han Kittil verre dagen etter enn han gikk og slo. Han hadde nok gått på knea, men slo gjorde han. Han syntes vel døm hadde drøkki mykje. Han snakka om det sjøl:

«Je var nå ikkje verre enn je gikk stad og slo, men det vart nå banen hans Steinar.»

Helge Framgarden levde på samma tida som han Ola i Vestgarden. Han var tømmermann, og på tømra var han ikkje god å hølde følgje med. Det var einaste han gamle Erik Ramstad, han var frå Fjøslia. Han kunde kappast med Framgardin-gen. Det er ikkje godt å sei håkken var den beste tå døm. Men han Helge var meir armsterk. Når han skulde ha endevendt ein stokk, høgg han bare øksa i midt på stokken, løfta han opp og endevendte’n. Han tok enda nitommen med feit furu slik, blir det sagt. I skaugen brydde han aldri med å måka når han kjørte tømmer. Om dei var aldri så stor snø oppå lunnen, så høgg han øksa i stokkenden og reiv ut.

Helge Hiåsen og Erik Ramstad tømra mykje i lag. Da dreiv døm det jamt på kapp. Ingen tå døm vilde vera etter på tømra. Når døm var i ver sin ende tå stokken og høgg laftur, gikk det så fort som råd. Med det samma den eine var ferdig, tverrsåg han over til den andre, og da var det jamt at han og var ferdig så han tverrsåg bort til den fyste. Så gvelvte døm stokken stad og meddrog’n. Når døm hadde høggi tor meddraget, la dom måså mellom og gvelvte stokken stad att. Da var det aldri å ta han att. Han låg som han skulde.

På Nord-Strandbygningen var det fire karar som tømra. Det var han Helge Hiåsen, Erik Ramstad, Knut Havikhagan og ein tå Nerdalskaugen døm kalla Ola. Dem dreiv det hardt. Døm la på tre gverv om dagen, og det gikk elleve stokkar i gvervet. «Men da var vi ikkje nøgje hell,» sa han Knut. «Det var jamt at grankonglen låg i meddraget, men vi kruste stokken på lell. Det seig nok i hop på slik ein stor bygning.»

Det skulde vera ein kjøreball i Bratterud. Han Helge skulde vera med, og mange både tå skaugen og ‘tor bygda. Men så kom det ein Numedøling dit, ein døm kalla for Gutnebben, eller Gautnebbkjempa. Detta var slik ei sløsskjempe. Det var støtt noko ugreie der han kom. Han kom til Bratterud bare for å gjøra vondt. For han var ikkje bedt, og ikkje hadde han hatt noko kjøring på skaugen den vinteren. Han Helge satt uti kåvån. Der hadde dem brennevinet. Døm hadde nå rådd sei bra med det slaget. Karane kom da uti og snakka om at nå var Gaut-nebben kømmi. Da han Helge fekk høre det, sa han til karane som stella med brennevinet:

«Gje mei ein dram!» Han drakk tor den. Så sa han:

«Å, ein til!» Han drakk seks drammar med akkevitt med ein gong. Så gikk han inn til numedølingen. Han tok et tak om ver arm og rista’n til han vart reint spak. Gautnebben tørde ikkje anna enn dra vestover att med ein gong. Han var innom i Vestgarden. Der tok han tå sei trøya og bretta opp skjurte-armane. Da var han blåflekkute, og skinnet låg i tullar oppetter. Slik hadde han Helge klemt’n. Det var slike svære nevar på’n Helge, dem var dobbelt så breide som på ein annan kar.

Men så var han seig på tobakken au. Han tok nokon skrå, dem var lange som pekefingren min. Det var ein diger kul på kjakan hans der skråen låg. Når han dreiv på tømra, tok han og slo knut på tobakkreipet og høgg av innom. Så smetta han heile knuten inn i kjeften.

Denna samma Gautnebben var nok ein sprettin kar. Ein gong var det et brølløpp i Gåsefra. Der spella han Ola Nubberud. Da spente Gautnebben så høgt som han Ola nådde med felebågån.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *