Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949

 

Hilde Olufsdotter Blindheim

Hilde Olufsdotter Blindheim som nær på vart dømd for trolldom, 1667.

Eit historisk dokument.

Mor mi fortalde då eg var smågut um ei klok og drivande kone på Blindheim, Vigra, som norrpå hadde vorte brend som heks. Eg tok difor og leita gjenom rettsprotokollane frå den tida, og der fann eg heile saka.

Rettsmøtet var halde på Tennfjord i Vatne 1667. Millom lagrettesmennene var fylgjande frå Vigra:

Knut Molnes,
Oluf Molnes,
Jon Rørvik,
Anders Rørvik,
Eirik Synes og
Oluf Røsvik.

Den klaga var Hilda Olufsdotter Blindheim, meld av grannen sin Tore Olufson Blindheim for trolldom. Denne trollskapen synte seg i fylgjande:

1) Hilde hadde «forgjort» fiskevegna til Tore so han ingen fisk fekk.

2) Ho hadde heksa ei av kyrne til Tore burt frå buskapen so kua hadde gått i ein hyl i torvmyran og drukna.

3) Ho hadde med heksekunster gjort god att ei ku som næsten var daud i Røsvik.

Ei mengd vitne var stemde til tings. Alle var fjellfast visse um at Hilde tente «den vonde» og at «hinmannen» ar det som hjelpte henne.

Den einaste som tvila noko var domaren. Ved forhøyret vart det upplyst at upphavet til meldinga var eit juleselskap. Der var både Hilde og Tore. Dei to kom i eit heitt ordskifte. Til sist seier Hilde, at stod det til henne, skulde det bli smått med fiskelukka hans Tore til komande vårfiske. Og det gjekk som Hilde ynskte. Tore fekk lite fisk den våren. Næste vår kom der burt ei ku for Tore. Folk gjorde manngard og leita, men dei fann inga ku. So spurde dei Hilde.

«Hev de leita i Kolva?» spurde ho.

Kolva er ei stor myr på andre sida av fjellet burt mot Røsvik.

– Nei det hadde dei ikkje.

«Det skal undre meg um ikkje kua er der,» sa ho.

Dei av å leite. — Jau, rett nok, der låg kua dau i ein myrhyl.

I midfasten neste år, kom ein mann fra Røsvik til Hilde og bad henne um å sjå til ei av kyrne hans som nyleg hadde kalva, men var vorta so sjuk at det såg speleg ut. Beste kua hans var det og. — Ja, Hilde var med, og då ho kom til Røsvik, var der fullt av folk som bisna på den sjuke kua.

«Ho låg og rette frå seg både hovud og bein,» sa eit vitne.
«Ja, augo var mesta brostne,» sa eit anna.

Hilde jaga bølet or fjøset. Lyste kua or klaven, drog den fram på golvet som ho strødde med halm; tok so til å strekkje og gni jur og bakpart, og fekk renne i henne litt varm drikke. Kua tok straks til å krå seg til att, og um ei stund reiste ho seg og vart leidd på bås att.

Ein ung gut var so modig at han kleiv upp på fjøsmuren og kika inn gjenom gluggen, for å sjå kva Hilde stelte med. Han vitna at ho strevde so med kua at sveiten rann av Hilde: men han såg og at der sat ein kolsvart katt på skuldra hennar alt med ho stelte med dyret. Katten fræste av og til, og då var det berre gloande eldmyrja som stod or gapet hans, sa guten.

Dette siste vitnemålet var det versfe for Hilde. Men skrivaren kom då under «stor tvivl» til det at ho borde frikjennast.

Men folk flest trudde både då og langt seinare at Hilde var ei heks.

Ved Ola Rotevatn. 1937.

 

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *