Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn;Tore Ruud

Hilderlandet

Det var ein fiskar. Isak heitte han, og budde ute på Værøya . Han var ein fattig, men ærleg mann, og sleit hardt for å få endane til å møtast. Kona hans heitte Lea. Ho var nøtten med nevane. Det kom vél med i den store barneflokken dei hadde. På landet var det ikkje stort å tene. Jord hadde dei ikkje, men dei hausta til eit par geiter. Men til geitene nytta dei punndrott av tare, tang og løyping.

Båt haddde han Isak, og eit lite naust oppfor støa. På vorren stod ein fiskehjell. Der hong livnæringa hans. Når båten gjekk, så fekk gryta. Men det var i grunnen ein sorglaus heim. Dei tak dagen som han kom

Så var det ein dag han Isak var rodd ut. Kom så skodda og la seg som ein mur om landet. Så rauk han opp med ein fæl storm. Han var noko nedlasta av fiskefangsten. Den måtte han hive på havet for å få båten letta litt, og få betre seglføring så han kunne greie å berge seg i land. Då kom det så underleg for han, at no bar det til havs med han. Best som han segla så høyrde han eit fælt skrik. Det fór i gjennom han. Det var no vel draugen som varsla dauden hans. Han sukka stilt til Vårherre. Det var best å vere til venns med han. Då med eitt skimta han i gjennom skoddefuka tre svarte skarvar som sat på ein rekvedstokk han fór framom. Då tenkte han at ein stad måtte han då finne land. Så segla han langt og lenge og endå lenger, men fekk ikkje kjenning av land. Han blei både tørst og svolten. Då reiv han i skoddefuka og fekk så mykje klårhol at han såg land framføre. Eit grønt og fint land – med åker og eng og skog om Tiene.

«Gudskjelov,» tenkte han, «detta må vere Utrøst

Hilderlandet han hadde sett så mang ein gong toppe seg over synsranda – langt i vest. «Æg e berga,» sa han med seg sjølv. Så la han åt i støa og tenna båten fram over flostrengen. Tett med støa var det ein fin byggåker. Midt gjennom åkeren gjekk ein gongsti opp mot ein jordgamme som stod oppe på bakken. Oppe på taket av gammen såg han ei geit. Horna skein av gull, og juret hennes var stort som på ei ku. Utanfor gammen sat ein blåkledd liten mann på ein stein og smatta på ei krittpipa. Skjegget hans var like langt som mannen sjølv.

«Goddag,» sa han Isak.
«Goddag, og velkommen tel Utrøst,» sa kallen.
«Kjenne du mæg kanskje?» frega han Isak.
«Kan nok så vere. Du vil vel ha hus her for natta?»
«Ja, det beste var vel godt nok,» sa han Isak.
«Men det e verst med sønnan mine – for dei tole ikkje lukta av kristenmann,» svarte kallen. «Har 'kje du møtt dei?» spurte han.
«Nei,» svarte lian Isak. «Alt æg møtte var tre skarva på ein rekvedstokk.» «Ja, det var dei tre sønnan mine. Men berre gå inn. Du e nu vel både tørst og svulten,» sa kallen.

Så lét kallen opp døra. Slikt syn hadde han Isak aldri sett, som det han såg no. Her var jamensant inga armod så mykje var det.

Bordet stod dekt med rømkolla, reinsteik, sirup og ost. Og der var auor og kveithuse og mølja, vannkrengla, øl og mjød. Bordet bogna. Du kunne ta til deg kva du ville. Her var nok for kvar lyst. Og han Isak tok til seg, åt, drakk og var glad. Men han kunne ikkje sjå at det minka av maten – kor mykje han så åt. Kallen åt ikkje mykje sjølv. Han sat der med bordet – tagde mest – og såg på han Isak.

Best som dei sat der, høyrde han Isak slikt rammel ute i bislaget. Kallen reiste seg og gjekk ut. Kom straks inn og hadde alle sønene med seg. Det var skarvegluntane han hadde sett på rekvedstokken. Dei var både blide og sæle, og bad han Isak halde bordskikk med dei. Han Isak unnslo seg og sa at han alt var mett. Men dei høyrde ikkje på det øyret, og enden blei at han Isak måtte både ete og drikke i lag med dei – og dei blei gode vener.

Han Isak fortalde om uvéret han kom ut i. Og no bad dei han slå seg til der nokre dagar, så kunne dei ro lagbåtar, eller han kunne ro i lag med dei på deires båt. Det stod han fritt sjølv. Om natta ga han seg med véret, og då morran kom, var han spaken og godt rorvér.

Men ikkje før var dei komne på havet: Stormen kom. Men det våtta dei ikkje. Dei vatt – segla så grønålen låg etter båten, og duva ikkje. Ein av gutane var høvedsmann. Han sat med styrvolen. Den andre var halsekar, og sat framme i halsen og gav hold. Den tredje var bakromsmann, og han Isak framromsmann. Dei segla like godt i motvind som unna. Havet braut innover båten framme. Han Isak auste alt han vann, men han greidde ikkje å lense båten. Dei segla berre sjøen ut att, etter som båten rejste seg i anddalane. Så sakka han av og ga seg litt med veret. Då la dei seg til med juksogna. Dei drog og drog – stor, fin fisk. Fisk var der nok. Dei drog med dei vann. Fiskefloa var så tjukk at jarsteinen gjekk ikkje ned. Men han Isak – han heiv ut og jaga og jaga, men såg ikkje ein spord. For han var det svart hav. Så tok dei på heimtur og kom i land med lasta båt. Dei sløydde fisken og hengte på hjell. Om kvelden klaga han Isak over at han ikkje hadde kjent rått.

«Du skal få ongla hos meg i morra, så går det vel betre,» sa kallen.

Og det var sant. Onglar fekk han, og fisk blei det nok den neste dagen og alle sjøver sia. Han fekk til slutt ein heil hjell full.

Men så blei han Isak heimsjuk. Han ville fare. Det sa dei ikkje imot, men kallen bad han komme att den tida dei tok fisken av hjell. Det lovde han Isak. Kallen var både gild og gjor, og gav han Isak ny åttring, seglduk til nye segl, mjøl og malt. Han Isak sa både takk og æra, og spurte ka lei han skulle segle for å finne denne staden att.

«Føll skarven når han flyg til havs – då finn du landet,» sa kallen.

Og med det fór – han Isak. Men då han hadde stukke ifrå landet, så såg han igjen berre hav på alle sider. Hilderlandet var vekke for auga.

Så kom han Isak heim til Værøya, og sa lite om kor han hadde vore. Då det så lei fram mot den tida at jektene skulle til førstestemne i Bergen, så stakk han Isak av landet i Værøya og la til havs. Og det var sant. Han såg skarveflokken og segla etter, og fant landet att. Der låg jekta alt til innlasting. Ei så stor jekt hadde han aldri sett før. Ho var to mannerop lang.

Når styrmannen skulle rope til utkikksmannen framme på bakken, så måtte han ha ein mastermann som tok opp att ropet og gav ordren vidare. Det samme måtte utkikksmannen gjere.

Han Isak tok fisken av hjellen og lasta inn framme i jekta. Men kor mykje han lasta, så blei hjellen aldri tom. Då jekta var lasta, hong enno hjellen full av fisk.

Så fór dei til Bergen med jekta, og han Isak følgde med og var håsettar om bord. Der selde han fisken sin, og hadde så mykje pengar at han kjøpte ny sjølveigande jekt. Med den segla han nordover. Kallen frå Utrøst ønskte han både løkka og velferd. Og det var sant. Han Isak hadde berre løkka med seg frå den dagen. Godbonden følgde jekta hans og varsla uver når det var i vente. Men han Isak var heller ikkje gnauren imot Godbonden. Når han sette opp jekta si om hausten så sette han mat fram i jekta, og når julkvelden kom, så dekte han bord i jekta med alt det beste huset åtte. Og det skal dokker tru – då var der både dans og leik og julspel i jektvengen heile julnatta til julmorran kom, og dagen sleit seg opp for fjellranda.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *