Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Hindra tussane i å ha ut brura.

Det var i same sætergrenda at ein mann skulle slå sætervollen. Utpå ettermiddagen dreiv han som hest og slo attom fjøset. Da spratt det opp ei gammal kjerring framfor han i skåren. Han slutta slåtten og stødde seg på orvet.

– Du æ slem med oss du Arn, sa gamla.
– Æ eg det…keles det da ?
– Jau, vi ha hadd brølløp i dag, og no fer du med stål over haugen vår så vi kjem itt ut med brurn.
– Æ det no berre det det står på, så kan no e slutt e — men da vil e no småkkå bruraskjenken i det minst.

Det lova kjerringa. Ho vart så hoppande glad at ho trippa og dansa på vollen. Mannen gjekk inn i bua og tok kveld.

Noko seinare gjekk sætertausa bort på ein av dei andre vollane og tok med seg bundinga.
Mannen la seg og tenkte ikkje meir på det kjerringa hadde sagt. Da alt var roleg hørte han at det pusla ute i buskjelet, og inn kom brur og brurgom. Dei var så gamle og skrukkute å sjå til — heile ansiktet var som eit stykke bork. Finskinna var dei i alle fall ikkje.

Dei kom med brød og vin. Mannen visste at det skulle vera farleg å nytta noko av det tussane kom med. Han sa det slik:

– E kjæra m'itt nå øm å hå ti me nå tå di døm kom med, men e vesst itt retteleg keles e skull bergj me. Jau, så kom e på at e skull få døm te å sjå ut gjønnom glaset. E sa det åt døm e, ker det æ før nå søm lyse bortpå volla, sa e…døm te å glan å sjå ut, og e nyttg hovet te å tøm vinglaset attøm senga. Så sa e at e hadd nyleg ete kveldsmat så e mått få spar brødet tart i mårrå.

Og tussparet gjekk.

Dan ette va e opp leng føn sola rann. E to med meg brød-biten bortåt voll-utgara. Der brøt e det sønn og medt inni va det en gølbron flekk. Ha e no ete ti me den flekken, så vet e no kelles det villa gått med me.

Ja, så la e ifrå me brødbitan på marka med e grov opp et hol bortmed utgara. Vel e hadd fått grivi opp hølet, villa e ta brødbitan og legg døm ni, men e fann ittnå anna inn en søskitkok der e ment at brødet skull ligg.

Det har vori folketrua at den som åt i seg flekken midt i tussbrødet skulle bli til tusse sjøl og aldri meir sleppa fri. For ein slik hjalp det ikkje å ringja med kjørkjeklokkone heller.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *