Internt referansenummer: 30.11.2014 – BOK
Kilde:
Bjørn og varg i Selbu og Tydal
Utgitt av Selbu og Tydal Historielag
Illustrert av Kolbjørn Lien
I kommisjon hos F. Bruns Bokhandel Forlag
Trondheim 1963
Klikk her for å lese ”Forordet”
Klikk her for linking til Selbu og Tydal Historielag

 

 

Historier om udyr på Stranda

Ole O. Stamnes sen. forteller

 

Vi var gjætarar på Movolla, eg og han Ole Gundersen, og mor hans, ho Gjertrud Mobakkom, var setertaus. Kvar kveld kom det ein vaksin kar heimanfrå og var bønnvakt om natta. Så var det ei natt i august 1875. Han gammelmobro, Pe Jonsen heldt vakt. Han sto og stødd seg på sautrøa, som var attmed skjulveggen. Best-. isenn det var, så fekk han sjå to blanke auge oppå berget trast ovanfor husa. Da vart det styrd. Sauene sprang på grinda. Han Pe slo i veggen med øksehammaren, og ho Gjerud sprang ut og kauka. Dei kasta løsbrandar så det fauk etter. Men han Ola og eg låg inne og skalv. Endeleg luska’n i veg, bamsen. Men ikkje lenge etter fekk vi høyre kauk og skrål frå Pundsvollen. Morgonen etter såg vi merke etter klørne i jordtorva oppå berget.

*****

Ein sommar kring 1880 måtte dei i Moen flytte heim frå setra i tidlegaste laget for bønna. Kyrne vart da havt nedpå garden om nettene, men sauene var i sommerfjøset ovanfor garden. Ei natt braut bønnen seg inn i sommarfjøset og for med sauene. Straks nordom fjøset låg ein stor gråsau daud etter bønnslag. Resten av sauflokken jaga bønnen gjennom Pundsgrenda og til skogs. Det vart eit stort tap for bonden den natta.

*****

Han Pål Stamnesåsen hadde den vanen å vera sein i arbeidet om kvelden. Ein vinterkveld kom han med eit kjelkelass ved innmed Storåsen. Så fekk han sjå det kom eit dyr frammed lasset. Det var ein varg. Han visste ikkje anna råd enn å løyse opp eit reip og henge det attover. Vargen våga ikkje koma lenger enn reipenden rakk. Og såleis kom han seg velberga heim.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.