Hentet fra ”LIV OG LAGNAD I STJØRDALSBYGDENE”
(STJØRDALSBOKA BIND I DEL II – side 419)
Fortalt av John Moum

Jon Sætnan drog ein dag til skogs og hadde med seg tri skott til børsa. Han skaut to jerper og putta ei i kvar lomme på kofta. Så gjekk han seg beint på ein bjønn og skaut på han med det siste skotet. Han trefte, men bjønnen kom mot han, og Jon måtte kaste kofta og springe. Da han kom tilbake med fleire skot, fann han ikkje kofta, men bjønnen låg der dau.

Iver Skjei og Petter Sorta hørte ein gong brøl i frå skogen og da de skjønte at bjønnen var framme, sprang de til skogs. Kyrne hadde blitt olme og gått på bjønnen som da hadde trekt seg attabak bortpå ei blautmyr. Der sokk kyrne nedi, da karane kom fram hadde han slått av ryggen på fire av dem.

Ved Damkjynna vest for Veiset, like ved Alverhytta var det eit bjønnhi. Torstein Hagen som var ein stor sterk kar, gjekk inn i hiet og drog ut bjønnen etter bakføtene. Ein annan gjekk Torstein seg på ein bjønn som hadde tatt ei kvige i Skjeisåsen, og tok frå han kviga som han heldt på og åt på.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *