Hentet fra ”LIV OG LAGNAD I STJØRDALSBYGDENE”
(STJØRDALSBOKA BIND I DEL II – side 418)
Fortalt av Johan Leren

En av de siste bjønnjegarane i Lånke var den kjente friluftsmannen Tolløv K. Elverum, født 1844 og død 1922. Ein haust var han og Torstein Olsen Veiset og Peder Iversen Elvebakk i veg for å ta ein bjønn som de visste låg i hi nord for Karåsen. De fekk han ikkje ut, og så kraup Torstein Veiset inn i hiet for å sjå etter om han var heime. Det var han, og Torstein kom ut i ein fart med bjønnen etter seg. Men Tølløv var snar til å skyte, og bjønnen fall for det første skotet.

Ein annan gong kom Tølløv forbi Skjeisgardane da han skulle på jakt. Petter P. Skjei og mor hans heldt på å ta opp potet. Tølløv spurte Petter om han ville vere med, og det vart da til det, sjølv om mora var arg fordi han gjekk frå potetopptakinga. De gjekk innover mot Lauvvatnet over Sylla da de fekk sjå ein bjønn som gjekk ute på ei myr og åt bær. Tølløv skaut bjønnen med første kotet. De fekk han med seg ned til Kvålsgjerdet der Lars Kvål tok ei handvogn og drog han heim til Tølløv. Det var den siste bjønnen som vart skoten i Ovakleiva.

Den siste bjønnen i Lånke vart skoten i Bjynndalen opp på Gevingtrøa. Det var Stjørdalen skytterlag som var på jakt. Han vart frakta ned til Gjevingtrøa og lagt på stuggutroppa der. Mor til Johan Leren fortalte at det rann melk av juret, så det var ei bingse som hadde ungar. Ho vart lagt på ei vogn og kjørt nedover til Stjørdalshalsen der det vart eit heilt opptog i gata med stor jubel. Karane hadde ikkje spart på drammane. Ole Løken på By sat overskrevs på bjønnen og kjørte. Denne bjønnen vart utstoppa og står no på museet i Trondheim.

Ellers vart Stjørdalen skyttarlag mobilisert til bjønnjakt fleire gonger. I 1867 visste ein at fleire bjønner heldt til på Gevingåsen. Lånkebyggene ville gjerne bli fri dem og bad skytterlaget om hjelp. Meininga var at det skulle lagas manngard og lånkbyggene lova å hjelpe til med dette. Men de møtte ikkje opp og så slapp bjønnane igjennom, med unntak av ein. Like etter var det 17.mai-fest på Øyan. ”Stjørdalens Dannelsesforening” var vertar. Her vart det servert bjønnesteik og det var høg stemning.

Jon O. Sætnan var ein gong oppe ved Lauvvatnet på jakt. I mørkninga skaut han på noko som rørte seg mellom trea. Det vart slik spetakkel at han straks skjønte kva han hadde skote på. Han tok kutinga til bygds, og om morgonen fekk han med nokre karar. De fann da ein dau bjønnunge, og far etter bingsa som hadde følgd etter like ned til Sætnan.

Halvard Havdal hadde ein dag drive kyrne ut i åsen ved Granheim. Da kom ein bjønn og gjekk til angrep på kuflokken. Han slo i hel fleire og skamferte andre. På nedre Havdal vart ein gong alle sauene slått i hjel av bjønnen.

Så seint som i 1905 hang hauet og labbane av ein bjønn i vognbua på Gjevingtrøa. Denne bjønnen vart tatt i giller i Bjynnhøla på Gevingåsmarkane.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *