Internt referansenummer: 31.08.2011 – BOK
Kilde:
Segner og sogur frå Bøherad
Olav Nordbø
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER Nr. 56
OSLO 1945
Klikk her for å lese ”Fyreordet”.

Hjå Bestemor

Evig ungdom

Det var eingong ei gjente som ynskte at ho måtte aldri bli gamal, men alltid vera evig ung.

So drakk ho av ein tussedrykk og då fekk ho ynsket sitt oppfylt. Men det var ikkje så gildt som ho hadde tenkt seg. Ho blei so lei seg. Ho gifte seg, gong på gong, for mennane døde, men ho var like ung og raudleitt og fin gjente. Dei blei gamle og skrukkute, men ho var den same. Og ho mislika desse gamle mennane. Ein blei so tykk og feit da han blei gamal. Og ein blei so tørr og skrinn. Det var ei plage og pine for henne.

Ho flutte langt av stad og slo seg ned på framande stader. Og ho gifte seg. Men det galdt det same. Mennane eldes og blei gamle, men ho var like ung. Ungdomen hennar var reint ei plage.

Evig ungdom var ei evig plage.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.