Internt referansenummer: 31.08.2011 – BOK
Kilde:
Segner og sogur frå Bøherad
Olav Nordbø
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER Nr. 56
OSLO 1945
Klikk her for å lese ”Fyreordet”.

Hjå Bestemor

Gjætsleguten og bjørnen

«No må du sitta stille å vera snill gut så ska’ eg fortelja deg et eventyr,» sa bestemor ein annan dag eg var ute i koven.

Det va ein gong ein gut som var ute i skogen og gjætte, so visste han ikkje av før det kom ein bjørn til han.

Guten gvakk, men bjørnen kom bort til honom, kjæla seg innåt honom plent som ei katte, velta seg og gjorde alle slag kunster so guten laut læ.

«Æ alle bjønnar så, da æ dæ ikkje farleg å møte bjørn,» tenkte guten med sjaveseg. Da snakka bjørnen: «Du ska’ klappe meg, sa han til guten.

Og guten klappa og strauk den raggute bjørnen best han var god for.

«Du æ ein snild gut som klappar meg so,» sa bjørnen, «du æ den einaste gut eg har råka som ikkje har villa meg vondt, å nå vi eg gjønne gjera deg noko godt igjen. Den eine æra gjer den andre fal, som dei seier.»

«Må eg bli mæ deg heim dit du bur,» sa guten. «Nei dæ kan du nok ikkje, dæ gjeng ikkje an,» sa bjørnen, «men ver her i morgo og gjæt på same tida, så ska eg koma att te deg,» sa bjørnen. Da han kom heimatt fortalde guten alt saman til far sin og mor si. Dei blei skræmde da dei høyrde at han hadde råka på bjønn. Og da han fortalde at han hadde klappa bjørnen og godsnakka med han, blei dei heilt forundra. Det var rar bjørn det. Men dei åtvara han. «Hot vilde du sagt om bjørnen hadde teke både deg og kyrne?» sa dei. «Å nei, den bjørnen va so’ snild at han ensa ingen,» sa guten. Men dei hadde sin eigen tanke om det.

Dagen etter gjætte guten att på same staden. Da kom bjørnen att, loffande seint og overlang so ragget hang og slang.
«Guddag bjønn,» sa guten. «Guddag igjen,» sa bjørnen. — Det var rar bjørn det som er so snild og kan snakke au, tenkte guten med sjaveseg.

Da det lei på, vilde guten heimatt til foreldra sine. «Gjer ikkje det, dæ bli min visse dø’,» sa bjørnen.

So blei guten. Det var folk etter bjørnen og vilde skjote han. «Du må ikkje taka kyrne mine,» sa guten. «Nei, du tar ikkje vera redd for det,» sa bjørnen.

Det lei av eit bel.
«No må nok eg gå,» sa bjørnen. «No kan du au bli med meg,» sa han, «eg har sterk rygg, du kan setta deg på ryggen min, so ska’ eg bera deg over elva,» sa han. Guten so gjorde og bjørnen loffa uti og vassa over so vasspruten stod og vatnet sila av ragget. Han riste og skok seg so vatnet spruta.

«Stans her, eg må sjå te kyrne fyrst,» sa guten. «Nei, det nauvar ikkje,» sa bjørnen og riste pelsen.

Dei stod og prata ei beite, da gådde ikkje guten av før det stod ei fælande fin gjente ved sida av honom. Guten vilde mest ikkje tru sine eigne augo. Bjørnen hadde blitt til ei fin gjente.

Da blei guten so glad —.
Og den gjenta blei kjærasten honoms. Og dei blei gifte, tura gjestebod og levde lykkeleg saman.

Det var eventyret om guten og bjørnen det.

«Dæ goe bli alltid velløna,» la bestemor til.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *