Internt referansenummer: 31.08.2011 – BOK
Kilde:
Segner og sogur frå Bøherad
Olav Nordbø
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER Nr. 56
OSLO 1945
Klikk her for å lese ”Fyreordet”.

Hjå Bestemor

Guten og nyklaet

Eg hugsar bestemor fortalde om ein gut som var ute og gjekk i ein stor svart skog, han skulde eit erend for foreldra sine, og so vildra han og kom på ein avveg bort i ville skogen, og han blei fælen. Best det var, møtte han ei gamal stygg og fæl kjerring. Guten blei redd, men kjerringa sa: «Du tar ikkje vera redd du, farr, eg skal visst ikkje gjera deg noko vondt. Hot æ dæ du gjeng her etter da, far min?»
«Eg gjeng erend for far og mor å så har eg kome på vilska og av leia,» sa guten.
«Du tar ikkje vera redd for dæ,» sa kjerringa, «eg ska hjølpe deg, eg. Her har eg et nykla som du ska få, dæ æ så laga at når du trillar dæ fyre deg så kjem du dit du vil hosse dæ æ laga, anten dæ æ bratt eller flatt. Horre vi du a, far min?»
«Å da vil eg helst te kongsgaren,» sa guten.
«Dæ æ inga lykke fær deg dæ,» sa kjerringa.

Guten fekk nyklaet og let det trille fyre seg, og han ynskte seg til kongsgarden, og det var ‘kje på gjera før han var der. Han var fillut, og dei trudde det var ein tiggargut, so jaga dei han av garde.

«Tru eg va heime hjå far og mor!» ynskte guten og frilla nyklaet, og før han visste ordet av, stod han heime i dynnestokken.

Og dei som var glade, det var foreldra, og guten med. Og da han synte dei nyklae og fortalte om det, blei dei enda gladare.

Guten vaks og vetras, og ein dag vilde han ut på jakt. Men da var ulykka ute, han miste nyklaet, og der kom ei ørn og tok det og flaug av med det. Der stod guten fint i det. Han sytte reint.

Da møtte han den gamle ljote kjerringa att. «Eg veit hot du syrgjer for, å hosse dæ har gjenge deg, du har kasta bort nyklae å dæ har ei ørn teke,» øsa kjerringa. «Men du ska’ a få dæ att. Eg ska’ hjelpe deg, eg. Her ska’ du få ein knapp, å den æ so laga at når du lar børsa mæ den, so råkar du dæ du siktar på, da kan du skjote ørna. Ho har reie sitt oppe på et høgt, bratt fjell, dæ æ den høge nuten du ser der. Men akta deg vel at du gjer som eg seie deg!»

So skildes dei, og guten strauk av stad og vilde skjote ørna. Knappen bar han i handa, men so blei han valen, for det var kaldt, og bukselommune var sunde, der kunde han ikkje ha knappen, so stappa han knappen i munnen.

Han kom fram, fann ørnereiret, ladde med knappen, sikta og skaut og ørna fór opp or reiret med nyklaet i nebbet, men brått datt ho ned og nyklaet datt or nebbet hennar.

So fekk guten tak i det att. Og glad var han. Han ynskte seg heimatt, trilla nyklaet fyre seg, og brått var han heime. Og da blei det stor glede på foreldra hans au. Og det gjekk guten godt, han blei ein gauve og god mann.

«Kan eg få slikt nykla, bestemor?» spurde eg. «Ja, guten min, dæ kan du når du æ snild å flink, å dæ nyklae heiter tru, von og kjærleik,» sa bestemor. «Gløym no ‘kje det, guten min.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.