Internt referansenummer: 31.08.2011 – BOK
Kilde:
Segner og sogur frå Bøherad
Olav Nordbø
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER Nr. 56
OSLO 1945
Klikk her for å lese ”Fyreordet”.

Hjå Bestemor

Vondskap

Det var to ektefolk som levde so grueleg fint ihop. Dette tosse fa’n var ille, men han kunde ikkje gjera noko med de. Men so var de ei kjerring som meinte på at ho skulde nok greie å setta vondt imellom mannen og kjerringa, men da måtte ho få eit par sko. Og de lova fa’n ho skulde få.

So gjekk ho te dessa folkja og snakka med dom. «De lever fint ihop de,» sa ho te mannen. «Ja, gudskjelov me gjer a de au,» sa han. «Men veit du at kjerringa sit deg etter live da?» Nei, de visste han ikkje og ikkje trudde han det heller. Jau, ho meinte a de kjerringa. Elles konne han no få sjå de med sine eigne augur. «Bare vent te du har lagt deg, so kjem kjerringa med ein kniv og vil skjera halsen over på deg.» Ja, mannen skulde da legge merke, te de.

So sae ho te kjerringa at mannen var feig, men kjerringa kunde berge honom når ho skar vekk dei skjeggestryglune som han hadde på ei vorte onder halsen. Ja, kjerringa vilde da prøve å skjera vekk dei stryglune ein kveld når mannen hadde sovna.

Ein kveld mannen hadde lagt seg, og ho trudde han sov, kom ho med kniven i hånna bort te sengja og vikle skjera vekk håra. Mannen fór opp i fullt sinne. No skjønna han at kjerringa sat etter livet honoms.

Etter den tida var der so fæl leven og uvenskap millom mannen og kjerringa.

So tosse han de Gamle-Erik at kjerringa gjekk reint over honom, og da han skulde skaffe hennar skoa, brydde han seg ikkje om å fli ho dom i neven. Han rette skoa te ho på ei stong.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *